Singlefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Singlefjorden er ein fjord i Østfold ved grensa til Sverige og vestover i området nord for Hvaler kommune. Heilt ved riksgrensa strekkjer den smale Ringdalsfjorden seg austover mot Halden og så vidare sørover langs riksgrensa som Iddefjorden. Singlefjorden strekkjer seg mot Oslofjorden i vest og mottek ein del vatn frå Glomma, som munnar ut ved Fredrikstad.

Bortsett frå Iddefjorden er andre mindre fjordarmar Skjebergkilen, som går nordover til Skjeberg, Røsneskilen og Tosekilen.