Sissel Solbjørg Bjugn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sissel Solbjørg Bjugn
Pseudonym Marry, prinsesse av Europa
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. oktober 1947
Setermoen
Død

14. juli 2011 (63 år)
Bodø

Yrke skribent, barnebokforfattar, lyrikar
Periode 1978-2009
Debut Den første avisa på Lofotveggen

Sissel Solbjørg Bjugn (fødd 28. oktober 1947 på Setermoen, død 14. juli 2011) var ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1978 med diktsamlinga Den første avisa på Lofotveggen, som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Bjugn gav ut fleire prisløna diktsamlinger og barnebøker, i tillegg til romanar. Gjennom heile forfattarskapen vart Bjugn rekna for å vere nyskapande og orginal med ein stil som grensar til absurdisme, òg når ho skriv for barn.

Om Sissel Solbjørg Bjugn[endre | endre wikiteksten]

I 2018 gav Tor Eystein Øverås ut boka Skrive, teikne, røre og slåst der han teiknar eit portrett av Bjugn. Boka inneheld også dikt, tekstar og illustrasjonar som Bjugn hadde på trykk i aviser, tidsskrift og antologiar.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Den første avisa på Lofotveggen – dikt (1978)
  • Stille etter elleve i Bokheimen – barnebok (1979)
  • Sulis' Bok – barnebok (1980)
  • Spenn beltet kring livet og hald lampa tend! Ei bok om gruva – roman (1981)
  • Elisa der og Beth her – barnebok (1983)
  • Handa i buret – barnebok (1984) (illustrert av Dag Fyri)
  • Den magre narsissisten – dikt (1984)
  • Bill og ei til – barnebok (1985)
  • Stakkars Ungarn – barnebok (1986)
  • Bye, bye – dikt (1989)
  • Ti bestemødrer og eitt barnebarn – barnebok (1990) (saman med Judith Allan)
  • Tornekysset – dikt (1992)
  • Jente i bitar – barnebok, (1992) (illustrert av Fam Ekman)
  • Sjonglering og bjugnlering : 1972-1993 – dikt i samling (1994)
  • Ola trudde først! – barnebok (1994) (illustrert av Alf-Kaare Berg)
  • Lus – barnebok (1996) (illustrert av Alf-Kaare Berg)
  • Under isen – roman (1997)
  • Depp – dikt (1999)
  • Brynhilds – barnebok (2002)
  • Foten veit – barnebok (2009), skriven under psvdonymet Marry, prinsesse av Europa[1]
  • Sjonglering og bjugnlering: Dikt og tekstar i samling 1972-1999 – lrikk, drama, essay (2018)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Karin Beate Vold (30. september 2011). «"Ikkje berre svart, ikkje heilt kvitt" - Sissel Solbjørg Bjugn 1947 - 2011». nbuforfattere.no. Henta 27. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]