Setermoen
Utsjånad
| Setermoen | |||
| stad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Troms | ||
| Kommune | Bardu | ||
| Areal | 2,87 km² | ||
| Folketal | 2 540 (2024) | ||
| Folketettleik | 885 / km² | ||
| Postnummer | 9360 BARDU | ||
| Preposisjon | på Setermoen | ||
| Ferdselsårer | E6 847 | ||
![]() Setermoen 68°51′39″N 18°20′54″E / 68.860833333333°N 18.348333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Setermoen | |||

Setermoen er ein tettstad og administrasjonssenteret i Bardu kommune i Troms. Staden ligg i Bardudalen og har 2 540 innbyggjarar per 1. januar 2024.
Språk og kultur er på fleire måtar prega av innvandringa frå Gudbrandsdalen og Østerdalen på 1700-talet. Bardu kyrkje vart ført opp i 1829, og er ein tru kopi av Tynset kyrkje. Her er det også skianlegg for alpint og hopp.
På Setermoen har det vore soldatutdanning sidan 1898. Setermoen garnison er i dag utdanningsgarnison under 6. divisjon med desse avdelingane: panserbataljon, artilleribataljon, sanitetsbataljon og etterretningsbataljon. Like sør for Setermoen ligg Troms Forsvarsmuseum.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Vêrvarsel for Setermoen Arkivert 2012-03-10 ved Wayback Machine., yr.no
