Lyssiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lyssiv
Lyssiv
Lyssiv
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Sivfamilien Juncaceae
Slekt: Sivslekta Juncus
Art: Lyssiv J. effusus
Vitskapleg namn
Juncus effusus

Lyssiv (Juncus effusus) er ein type siv som i gammal tid blei brukt som veike i oljelampar og lys.[1] Sivet blir også brukt til fletting av matter, sivsko og liknande.

Lyssiv-tue.

Lyssiv blir opptil ein meter høgt. Det vekst i tette tuer i fuktig jord. Stråa er glatte og lysegrøne med kvit marg inni. Blomane er lysebrune og sit øvst, men har eit langt, grønt akselblad som gjer at det ser ut som om blomen sit på sida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Retzius 1806, i Den virituella floran

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lyssiv
  • Veketåg i Carl Lindman, Bilder ur Nordens flora (2:a upplagan, Wahlström och Widstrand, Stockholm 1917–1926)

Lyssiv ved Urtekildens planteleksikon