Hopp til innhald

Sivsko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sivsko frå Nærbø i Hå på Jæren, no ved Norsk Folkemuseum.

Sivsko er ein type fottøy fletta av siv (som sjøsivaks og takrøyr). Typisk bruk er anten utanpå sko eller støvlar for å halda varmen, eller innandørs som tøflar. Sivsko blei laga i område med mykje tilgang på siv, som i Danmark og delar av Noreg. Halmsko og bastsko er liknande typar sko som alle gjev god varmeisolasjon.

Historisk blei sivsko laga av fattige fiskarar og bønder til sal. Sivskoframstilling kunne vera ei viktig tilleggsnæring som gav ei lita, men fast inntekt.[1][2]

Produksjonen i Danmark gjekk sterkt tilbake på 1960-talet, då levemønsteret i produksjonssatder som Randers endra seg og dei fleste sivskomakarane byrja arbeida ved fabrikkar. Bruken av skorne gjekk opp under energikrisa på 1970-talet. I dag er det få som produserer slike sko i både Noreg og Danmark,[3] men det blir tidvis arrangert kurs.[4]

Framstilling

[endre | endre wikiteksten]
Trillebårlass med lyssiv.

Framstillinga av sivsko byrjar med innhausting av siv i våtmarksområde eller ein grunn fjord.[5] Dei blir deretter tørka, og lagt til lagring når dei er blitt gule på farge.[6]

Når ein skal laga sko blir dei tørre siva væta att i vatn for å gjera dei mjuke. Dei blir så fletta til strame remser som deretter blir vikla rundt ei plate som gjev solestorleiken. Til solen syr ein overdelen, og til slutt bankar ein skoen i fasong.[6]

  1. ↑ «Sivskoenes historie». sivsko.dk. Arkivert frå originalen 2019-03-04.
  2. ↑ «Adventskalender 2015: 12. desember». Åsen museum og historielag. Arkivert frå originalen 25.03.2016. Henta 28.11.2025. «Om Sigurd Fossen (1904–1986) og sivskoproduksjonen» {{cite web}}: Check date values in: |vitja= og |arkivdato= (hjelp)
  3. ↑ Bjørg Njå, husflidhandverkar Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine., njaagarden.no
  4. ↑ Kurs i sevsko på Folgehuset[daud lenkje], Jærmuseet (jaermuseet.no)
  5. ↑ Sivsko høst i Randers Fjord (youtube.com)
  6. 1 2 Fremstilling af sivsko, arkivert frå originalen 2019-03-04, henta 2017-09-18 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]