Sjimpansen Julius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjimpansen Julius
Fødd 26. desember 1979 (44 år)
Kristiansand Dyrepark

Julius (fødd 26. desember 1979 i Kristiansand Dyrepark) er ein noregskjend sjimpanse.

Etter fødselen vart den vesle sjimpanse-babyen avvist av mora. Ho beit også av han ein av fingrane. For å redde livet hans, vart han henta ut frå sjimpanseflokken. Julius fekk vekse opp vekselvis heime hjå direktøren for dyreparken, Edvard Moseid, og hjå legen som redda han, William Glad.

NRK laga ein serie om Julius som gjekk som Barne-TV i 1981. Etter dette vart Julius landskjend, og var i mange år den største attraksjonen i Kristiansand Dyrepark. Terje Formoe skreiv ein song om Julius som også vart særs populær.

Julius og andre sjimpansar[endre | endre wikiteksten]

Intensjonen var at Julius skulle kome attende til familien sin i sjimpanseflokken. Det vart gjort forsøk på dette, men Julius hadde tydelege åtferdsvanskar og valdelege tendensar. Som vaksen levde han difor lenge isolert frå sjimpanseflokken i Juliusgrotta. I desember 2005 vart det gjort eit nytt forsøk med Julius og flokken. Dei godtok han no som leiar etter at den førre alfahannen var daud.

Ein prøvde òg å finne ei kone til Julius. Den fyrste var Miff i 1996. Det viste seg at Miff allereie var gravid då ho kom saman med Julius. Julius var valdeleg både mot Miff og ungen hennar, og paret vart skilde. Julius vart seinare partnar med Bini. Dei to fekk ein son, Julius Junior, 15. mai 2003.

5. november 2006 fekk han ein son til, Linus, med Dixi. Linus vart funne død på botnen av ei vassgrav i dyreparken 3. mai 2012.

6. september 2011 fekk han si fyrste dotter, Yr, med Jane. Yr er oppkalla etter nettstaden til NRK for vêrvarsel, yr.no.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]