Skåp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moderne kjøkenskåp.
Gamalt tysk skåp av eik.
Sikringsskåp med automatsikringar.

Skåp eller skap er anten eit avlukke med dør på eller i veggar i eit hus, eller ein frittståande møbel som kan lukkast med dør. Meininga med skåp er å take vare på gjenstandar, tøy, klede og anna, eller noko av husets tekniske innstallasjonar, ved å lukke dei inne på eit vis som verner dei mot ytre påverknader, støv og anna. Skåp som er utforma som ein møbel, har òg den funksjonen å vere ein prynad i rommet det står i.

Døme på skåp er garderobeskåp for tøy og klede, kjøkenskåp for kjøkenutstyr, gryter, panner og anna, kjøleskåp for å halde matvarer kalde, sikringsskåp for sikringar og andre innretningar som har med det elektriske opplegget i huset å gjere.

Uttrykk som har med skåp å gjere[endre | endre wikiteksten]

  • Uttrykket «å kome ut or skåpet» vil seie at eit menneske står ope fram med sine meiningar, eigenskapar eller seksuelle legning som han eller ho før har løynt av skam over dette, eller av andre årsaker eller omstende som har gjort det pinefullt å gjere greie for det.
  • Uttrykket «Å ha skjelett (beingrinder) i skåpet» tyder at eit menneske har løyndomar som vil vere til skade for han eller ho om dei vart kjende.