Hopp til innhald

Skald forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skald Forlag)
Skald forlag
BransjeForlag
Skipa1991
HovudkontorLeikanger
LandNoreg
AdresseGamlehotellet, Riverdalen 1, 6863 LEIKANGER
Nettstadhttp://www.skald.no/

Skald forlag ligg i Leikanger i Sogndal kommune, ved Sognefjorden i Vest-Noreg. Forlaget vart etablert i 1991 av Lars Nes og Jon Skjerdal.

Forlaget gjev ut mellom anna foto-, kunst- barne- og oppdragsbøker, ofte i praktbokformat. Skald er hovudsakleg eit nynorsk forlag, men har òg gjeve ut bøker på bokmål, engelsk, tysk, kinesisk, spansk, japansk og russisk. Sidan 2016 har forlaget gjeve ut ein serie med litterære klassikarar i nynorsk omsetjing.

Namnet «Skald» kjem frå skaldane som dikta og fortalde historier i vikingtida.

Nynorske klassikarar

[endre | endre wikiteksten]

Sidan 2016 har forlaget gjeve ut ein serie med litterære klassikarar i nynorsk omsetjing. Det vert gitt ut 3 titlar i året i denne bokserien til dei store lesehøgtidene: påske, sommarferien og jul.[1]

Fleire av bøkene har vunne prisar i konkurransen «Årets vakreste bøker» som er administrert av Grafill.[2] Nokre av dei prisvinnande publikasjonane er:

  • Smykkeskrinet av Rune Døli, gull i kategori sakprosa voksen [3]
  • Skalds klassikarar av Øystein Vidnes, Andreas Töpfer og Stefan Ellmer, gull i kateogien bokserie[4]
  • Edda av Rune Døli i Modest og Stefan Ellmer, gull i kategorien skjønnlitteratur voksen[5]
  • MS Liv av Øystein Vidnes, gull i kategorien skjønnlitteratur voksen[6]
  • Kjartan Slettemark - Kunsten å falle av Silje Nes og Silje Blank[7]

Forlagssjefar

[endre | endre wikiteksten]

Forlaget har hovudkontor i Gamlehotellet på Hermansverk i Sogndal kommune. Huset vart bygd i 1887 og det var hotelldrift fram til 1918.[10]

  1. «Nynorske klassikarar - Skald», skald.no (på norsk), henta 12. mars 2024 
  2. «Grafill», www.grafill.no (på norsk bokmål), henta 12. mars 2024 
  3. «Smykkeskrinet», www.grafill.no (på norsk bokmål), henta 12. mars 2024 
  4. «Skalds klassikarar», www.grafill.no (på norsk bokmål), henta 12. mars 2024 
  5. «Edda», www.grafill.no (på norsk bokmål), henta 12. mars 2024 
  6. «MS LIV», www.grafill.no (på norsk bokmål), henta 12. mars 2024 
  7. «Kjartan Slettemark - Kunsten å falle», www.grafill.no (på norsk bokmål), henta 12. mars 2024 
  8. Pressekontor, Nynorsk (24. juli 2018), «Skald forlag feirar 25 år», Framtida, henta 12. mars 2024 
  9. «Oppvekst i øst», Dagsavisen (på norsk), 27. november 2013, henta 12. mars 2024 
  10. «Gamlehotellet på Hermansverk», leksikon.fylkesarkivet.no (på norsk), henta 12. mars 2024 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]