Trygve Bornø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trygve Bornø
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. februar 1942 (82 år)
Harstad kommune
Idrett fotball

Trygve Bornø (fødd 2. februar 1942) er ein tidlegare fotballspelar frå Harstad. Frå landslagdebuten i 1966 til 1972 spelte han 43 landskampar på den norske midtbanen, utan å skåre eit einaste mål.

Bornø spelte for Harstad Idrettslag til 1963. I 1962 var han sentral då laget vart nordnorsk cupmeister etter finalesiger 2-1 over Bodø/Glimt. Bornø spelte deretter 15 sesongar, 1964-78, for osloklubben Skeid. I 1966 var han ein av dei viktigaste spelarane då Skeid vann sitt einaste seriemeisterskap. Åtte år seinare vart han norsk meister med Skeid då laget slo favoritten Viking FK 3-1 i cupfinalen på Ullevaal stadion.

Bornø var frå 1983 til -85 generalsekretær i Norges Fotballforbund.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1966 med IK Skeid
  • Noregsmeister: 1965 og 1974 med IK Skeid

Kjelder[endre | endre wikiteksten]