Skeise-VM 1968 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1968 for kvinner fann stad i Helsinki i Finland dagane 27. og 28. februar 1968. 32 utøvarar frå 12 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3000 meter. Stien Kaiser frå Nederland vart verdsmeister framom to landskvinner. Ljudmila J. Titova frå Sovjetunionen fekk bestetid på begge dei kortaste distansane, medan Stien Kaiser toppa sigerspallen etter 1500 m og landskvinna Ans Schut etter 3000 meter.

Skeise-VM 1968[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Stien Kaiser  Nederland 195,050
Sølv Ans Schut  Nederland 197,017
Bronse Carry Geijssen  Nederland 198,016
4 Lasma Kauniste  Sovjetunionen 198,684
5 Kaija Mustonen  Finland 198,700
6 Ljudmila J. Titova  Sovjetunionen 198,800
7 Lidija Skoblikova  Sovjetunionen 199,334
8 Sigrid Sundby  Noreg 199,383

Dato: 27./28. februar 1968

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sportsboken 1968. Norsk kunstforlag. Oslo 1968.