Skeise-VM 1977 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1977 for kvinner fann stad i Keystone i delstaten Colorado i USA 12. og 13. februar 1977. 23 utøvarar frå 9 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.

Vera Bryndzej frå Sovjetunionen vart verdsmeister framom to landskvinner. Ho var snøggaste utøvaren både på 500 meter og 1000 meter, medan landskvinna Galina Stepanskaja stod for bestetidene på 1500 m og den avsluttande 3 000-meteren.

Skeise-VM 1977[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Vera Bryndzej  Sovjetunionen 177,085
Sølv Galina Stepanskaja  Sovjetunionen 178,297
Bronse Galina Nikitina  Sovjetunionen 178,624
4 Beth Heiden  USA 179,107
5 Haitske Pijlman  Nederland 181,057
6 Lisbeth Korsmo  Noreg 181,147
7 Kim Kostron  USA 182,190
8 Annie Borckink  Nederland 182,229

Dato: 12./13. februar 1977

Kjelder[endre | endre wikiteksten]