Hopp til innhald

Skeise-VM 2006 i firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 2006 i firkamp vart avvikla i Calgary i Canada helga 18.-19. mars. 24 kvinner og like mange menn frå 13 ulike land deltok i meisterskapen.

Shani Davis frå USA forsvarte verdsmeister-tittelen. Også Cindy Klassen frå Canada vart verdsmeister for andre gong, tre etter den fyrste tittelen. Klasssen var best av alle i samtlege fire løp og sette verdsrekord på 3000 meter med tida 3.53,3, samt i samanlagt med 154,580 tidspoeng. Davis var bestemann på dei to kortaste distansane, nederlendaren Sven Kramer på dei to lengste.

Dei norske deltakarane vart nummer 4 Eskil Ervik. 5 Maren Haugli, 6 Håvard Bøkko, 10 Øystein Grødum, 11 Lasse Sætre og 18 Annette Bjelkevik.

Skeise-VM 2006[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Shani Davis  USA 145,742
Sølv Enrico Fabris  Italia 147,216
Bronse Sven Kramer  Nederland 148,107
4 Eskil Ervik  Noreg 148,552
5 Denny Morrison  Canada 150,163
6 Håvard Bøkko  Noreg 150,369
7 Ippolito Sanfrantello  Italia 150,677
8 Konrad Niedźwiedzki  Polen 151,057
9 Sicco Janmaat  Nederland 151,258
10 Øystein Grødum  Noreg 151,708
11. Lasse Sætre  Noreg 160,227

Dato: 18.–19. mars

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Cindy Klassen  Canada 154,580
Sølv Claudia Pechstein  Tyskland 158,265
Bronse Kristina Groves  Canada 158,295
4 Ireen Wüst  Nederland 159,222
5 Maren Haugli  Noreg 160,157
6 Daniela Anschütz  Tyskland 160,374
7 Maki Tabata  Japan 160,480
8 Tessa van Dijk  Nederland 160,928
9 Martina Sáblíková  Tsjekkia 161,252
10 Wang Fei  Kina 161,081

Dato: 18.–19. mars

Kjelder[endre | endre wikiteksten]