Skeise-VM 2017 i firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 2017 i firkamp vart avvikla i VikingskipetHamar helga 4. og 5. mars. 24 menn og like mange kvinner frå 14 ulike land deltok i meisterskapen.

Sven Kramer frå Nederland vart verdsmeister for niande gong og siste gong, landskvinna Ireen Wüst vart verdsmeister for sjette gong. Kramer sigra atter ein gong på dei to lengste distansane. Shota Nakamura frå Japan vann 500 meter, Denis Juskov frå Russland 1500 m. I kvinneklassa fekk Miho Takagi frå Japan bestetid på 500 m, Ireen Wüst på 1500 meter og tsjekkiske Martina Sáblíková på dei to lengste distansane.

Dei norske deltakarane vart nummer 4 Sverre Lunde Pedersen, 9 Ida Njåtun, 10 Sindre Henriksen, 19 Simen Spieler Nilsen, 21 Sofie Karoline Haugen og 24 Camilla Lund.

Skeise-VM 2017[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Sven Kramer  Nederland 148,425
Sølv Patrick Roest  Nederland 149,128
Bronse Jan Blokhuijsen  Nederland 149,609
4 Sverre Lunde Pedersen  Noreg 150,539
5 Bart Swings  Belgia 150,590
6 Andrea Giovannini  Italia 151,428
7 Patrick Beckert  Tyskland 151,730
8 Shota Nakamura  Japan 152,598
9 Denis Juskov  Russland 110,286
10 Sindre Henriksen  Noreg 110,773

Dato: 4.–5. mars

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Ireen Wüst  Nederland 160,020
Sølv Martina Sáblíková  Tsjekkia 160,651
Bronse Miho Takagi  Japan 160,853
4 Antoinette de Jong  Nederland 161,373
5 Olga Graf  Russland 163,067
6 Natalja Voronina  Russland 163,292
7 Natalia Czerwonka  Polen 164,128
8 Anna Jurakova  Russland 164,384
9 Ida Njåtun  Noreg 120,255

Dato: 4.–5. mars

Kjelder[endre | endre wikiteksten]