Miho Takagi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miho Takagi


Statsborgarskap Japan
Fødd 22. mai 1994 (29 år)
Makubetsu
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Skeise-VM 2014 i firkamp, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2018 – Lagtempo kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – Lagtempo kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 3000 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 1000 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 1500 meter kvinner

Utmerkingar

Æresmedalje med lilla band

Miho Takagi (fødd 22. mai 1994) er ein japansk skeiserennar som vart verdsmeister i firkamp 2018 og sprint-firkamp i 2020, samt olympisk meister i lagtempo 2018 og på 1000 meter i 2022. Perioden 2015-24 vann ho fem gullmedaljar i distanse-VM, tre i lagtempo og to individuelt.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Saman med systera Nana Takagi og Ayaka Kikuchi vann ho i lagtempo ved VM 2015 i enkeltdistansar. Året etter vart ho nummer tre på fellesstarten og nummer to i lagtempo ved distanse-VM 2016 i Kolomna. I byrjinga av mars 2016 kom ho på sjetteplass i Skeise-VM i Berlin. Februar 2017 vann ho bronsemedaljen på 1500 m og ho fekk sølv i lagtempo ved distanse-VM i Gangwon. Ho kom så på bronseplassen ved Skeise-VM 2017Hamar fyrste helga i mars.

Under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang vann Takagi gullmedalje i lagtempo, sølvmedaljen på 1500 meter og bronsemedaljen på 1000 meter. I mars 2018 vart ho verdsmeister i Amsterdam. Vinteren 2019 tok ho fyrst sølv på 1500 m og gull i lagtempo ved distanse-VM i Inzell. Sidan vann ho sølvmedaljen ved sprint-VM i Heerenveen, samt i Skeise-VM 2019 i Calgary. Ei veke etter verdsmeisterskapen, sette ho i Calgary verdsrekord på 1500 meter med 1.49,83. I februar 2020 sikra ho seg VM-gull nummer tre i lagtempo ved meisterskapen i Salt Lake City, der ho også fekk bronsen på 1500-meteren. På tampen av månaden vart ho verdsmeister i sprint på Hamar.

Under dei olympiske vinterleikane 2022 i Beijing vann Takagi gull på 1500 m og sølv på så vel 500 m som på 1000 m og i lagtempo. Sidan kom ho på andreplassen ved Skeise-VM på Hamar, bak nederlandske Irene Schouten. Etter to bronsemedaljar ved distanse-VM 2023 i Heerenveen, revansjerte Takagi seg ved å vinne gull på dei same to distansane, 1000 og 1500 m, ved distanse-VM 2024 i Calgary.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]