Skjeggturka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjeggturka
Skjeggturka
Skjeggturka
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Skjeggturka
Utbreiinga av Skjeggturka
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tapakuloar Rhinocryptidae
Slekt: Pteroptochos
Art: Skjeggturka P. megapodius
Vitskapleg namn
Pteroptochos megapodius

Skjeggturka (Pteroptochos megapodius) er ein sporvefugl i tapakulofamilien som er endemisk for Chile. Han er ein hovudsakleg bakkelevande fugl som kan springe raskt, men flyg sjeldan og kort. Han lever av små virvellause dyr.

Taksonomi og etymologi[endre | endre wikiteksten]

Tapakuloar er ei gruppe på ca. 65 artar som er kjenneteikna av oppreist stjert, korte venger og kraftige bein, tilpassa eit liv i underskog. Skjeggturka er medlem av den biologiske slekta Pteroptochos, saman med dei to andre artane som har den norske fellesnemninga «turka».[1] To underartar er anerkjende, nominatforma P. m. megapodius sentralt og sør i utbreiingsområdet og P. m. atacamae isolert i nord.[2][3]

Slektsnamnet er frå gresk pteron, «venge» og ptochos, «svak». Artsleddet megapodius er òg frå gresk: «stor fot».[4]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skjeggturkaen er ein stor tapakulo, 23–24 cm lang, med eit solid nebb og kraftige bein og føter. Halen blir oftast halden opppreist. Fjørdrakta er for det meste brun med kvite tverrstriper på bryst og buk. Fuglen har ei mørk augestripe, kvite augebrynstripe og ei brei, kvit mustasjestripe frå nebbrota og nedre kinn ned langs halsen. Nebbet og beina er svarte. Underarten i nord er mindre og langt bleikare med mindre tydelege tverrstriper på undersida.[3]

Føda for denne arten er insekt og litt bær og frø. Dei kraftige beina blir brukt til å skrape og grave etter føde, og dei kan fjerne relativt store steinar om naudsynt.[3]

Denne vokale arten har ein song med ein serie låge, tutande tonar som varer i 5 til 10 sekund i fallande styrke og aukande takt. Ropet er ein annleis, lenger serie, 25-45 boblande støyt i fallande styrke. Dei gjer ofte lætet frå toppen av ein stein og lætet rekkjer langt.[5]

Reiret blir konstruert i enden av ein opptil to meter lang tunnel som er graven i ein jordbank eller i ei vegkantskjering.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Nominatunderarten finst i det sentrale Chile frå den nordlege Biobío-regionen nord til Coquimbo-regionen. Den isolerte forma atacamae finst i Atacama-regionen. Dei lever frå havnivå til ca. 2000 moh. i og over matorral økoregion, i nokre tilfelle opptil 3200 moh. Habitatet er prega av buskmark, kratt og halvopne skråningar, ofte der det er spreidde steinar og berg. Skjeggturkaen er primært ein bakkelevende fugl, ofte ganske iaugefallende, går og står fritt eller sit på toppen av en stein.[3][5]

Status[endre | endre wikiteksten]

Skjeggturkaen er kategorisert som livskraftig av IUCN.[6] Arten er skildra som vanleg i området rundt Santiago.[5] Han er verna mot jakt.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Norsk navnekomité for fugl (NNKF) søk i Norske navn på verdens fugler Henta 27. februar 2023
  2. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2023. IOC World Bird List (12.2) doi : 10.14344/IOC.ML.13.1. Henta 27. februar 2023
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Medrano, F., N. Krabbe, T. S. Schulenberg, and P. F. D. Boesman (2021). Moustached Turca (Pteroptochos megapodius), versjon 2.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA
  4. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 245, 322. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Ridgely, Robert S.; Tudor, Guy (1989). "Pteroptochos+megapodius" The Birds of South America: Vol. II, The Suboscine Passerine. University of Texas Press. s. 403. ISBN 9780292770638. 
  6. BirdLife International (2023) Species factsheet: Pteroptochos megapodius. Henta 27. februar 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Skjeggturka