Skjerjehamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjerjehamn
stad
Gulenbilder 186.jpg
Foto: Bjarne Thune
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Gulen
Postnummer 5977 ÅNNELAND[1]
Preposisjon i Skjerjehamn
Wikimedia Commons: Skjerjehamn

Skjerjehamn er ein stad nord på Sandøy i Gulen kommune. Tidlegare var det ein sentral stad for båttrafikken, etter som det ligg nær skipsleia. Her var mellom anna handel, post, slipp og gjestgjevarstad. No er det sett i gang stort fornyingsarbeid på bygningar og vegar. Og Knut Steen sin Olav V- statue vart sett opp her i 2007.

Skjerjehamn ligg nord på Sandøy i Gulen kommune, tett opp til den indre hovudleia langs kysten. Trafikken langs leia har gitt Skjerjehamn livsgrunnlag og utkome.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skiltet til landhandelen på Skjerjehamn.
Foto: Løken
Statuen av kong Olav som står på Skjerjehamn
Foto: Løken

Funn av to steinalderbuplassar i 1923 viser at her har budd folk i uminnelege tider. Etterkvart som Bergen voks fram som handel og sjøfartsby auka og trafikken til og frå byen. Det vart naturleg for handelshusa i byen å etablere kremmerleie langs kystleia. Frå ca 1640 har vi sikre kjelder på at det var kræmarleie på Skjerjehamn.

Langs leia var det etterkvart utvikla eit skyss-system med skyss-skiftestasjonar der Skjerjehamn var med. Innføringa av eineveldet i 1660 gjorde sorenskrivar og fut til hovudpersonar på tinget, det medførte at tinga (haust, vår, sommar og vinterting) etterkvart vart lagt til etablerte kræmarleie på grunn av ”bekvemmelighet”. I 1697 veit vi at tinget er lagt til Skjerjehamn og her vart bygd ”Tingstove” og ”Borgstove” i tillegg til dei bygningane kræmarleiet hadde frå før.

Rundt 1840 gjorde dampskipa sitt inntog i kysttrafikken og i 1843 vart Skjerjehamn etablert som dampskipsstopp. Med sin spesielle plassering ved utløpet av Sognefjorden vart Skjerjehamn etterkvart ein naturleg stad for stopp, båt-skifte og omlasting av varer. Trafikken vart utnytta av eigarane som bygde kai , hotell, trelastlager og butikk på holmen som no er knytt til hovudøya med ein fylling. For å yte service til fiskeflåten vart her etablert telegraf, notbarkeri slipp og mekanisk verkstad. Den Mekaniske verkstaden slippa båtar opp til 70 fot og produserte ein glødemotor på 3 hk. med namnet FØNIX. Her vart drive turking av torsk (torskeberg) og oppkjøp av fisk og skaldyr.

I 1873 drukna to kvinner og tre menn ved Haukøy på kyrkjeveg til Eivindvik. Mellom desse var kjøpmann Wilhelm Schreuder frå Skjerjehamn og dottera Jenny. Sonen Otto Schreuder, som skulle konfirmerast denne dagen, berga seg på båtkvelvet.

Frå Skjerjehamn eksporterte eigar Otto Schreuder frå ca 1880 laks, kveite, levande ål og hummar til kontinentet (Hamburg) og England. Han var ein pioner på dette området og som stortingsmann i tida 1903-1906 var fanesaka hans å betre rutetilhøva til kontinentet og England. Rundt 1920 var det så godt som ingen vegar i distriktet, og handelstaden på Skjerjehamn var omtrent utan konkurranse frå landtransport. – dette var glansperioden.

Etter siste verdskrig vart vegar bygde og grunnlaget for Skjerjehamn vart endra. Sakte men sikkert tapte Skjerjehamn livsgrunnlaget sitt og handelstaden gjekk inn i dvale.

I 2005 vart Skjerjehamn kjøpt av oppdrettar Ola Braanaas som no har rusta opp handelstaden til ei spanande moderne utgåve av eit samlingspunkt langs sjøleia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Parameteren |Kommentar= er ikkje støtta av malen. Meinte du |kommentar=?) (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]