Skjervøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjervøya
Geografi
Norway - Skjervøya.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 70°01′38″N 20°57′46″EKoordinatar: 70°01′38″N 20°57′46″E

Areal 11,8 km²

Høgaste punkt Skattørfjellet (345 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms

Demografi
Folketal 2376 (2005)
Folketettleik 201 /km²

Skjervøya er ei øya som kommunen Skjervøy i Troms er kalla opp etter. Her ligg kommunesenteret Skjervøy, som i 2005 hadde 2376 innbyggjarar. Tettstaden ligg på austsida av øya.

Skjervøya har eit areal på 11,8 km² og det høgaste punktet på øya er Skattørfjellet på 345 meter over havet. Øya ligg like aust for Kågen, som ho har brusamband med over Skattøyrsundet. Frå Kågen går det tunnell under Maursundet og vidare til fastlandet i Nordreisa kommune. Skjervøya ligg ved innløpet til Reisafjorden, medan Kvænangen ligg i nord og vest.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.