Skjoldkreps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjoldkreps
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Bladfotkreps Branchiopoda
Underklasse: Phyllopoda
Orden: Skjoldkreps Notostraca

Skjoldkreps er ei gruppe primitive bladfotkreps som lever i innlandsvatn over heile jorda. Tidlegare fanst dei òg i havet, men der har dei no vorte utkonkurrert. Gruppa er særs gamal, og har forandra seg lite sidan Triops cancriformis dukka opp i triastida for 220 millionar år sidan. Denne arten vert difor ofte kalla den eldste levande arten på jorda.[1]

Det førekjem rundt tolv nolevande artar skjoldkreps, alle i same familie Triopsidae. Dei vert fordelt på to slekter Triops og Lepidurus. Dei førekjem i vatn med all slags salinitet, særleg i midlertidige dammar. Arten Lepidurus arcticus (arktisk skjoldkreps) førekjem òg i vanlege tjern og sjøar, mellom anna fleire stadar i Noreg.[2]

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Skjoldkreps har fått namnet sitt frå det breie, skjoldaktige ryggskalet, som er vakse saman med hovudet. Det dekkjer og brystet og dei første kroppsledda på bakkroppen. Framme på hovudet har dei eit par fasettaugo med eit tredje, enklare auge midt mellom.

Brystet består av elleve segment, som regel med kvart sitt lauvaktige beinpar (phyllopodia). Talet på desse kan variera, elleve er vanlegast men eksemplar med alt frå 10 til 32 beinpar er kjend[3]. Desse vert nytta hovudsakleg til symjing og graving. Mellom beina går dei ei fordjupning for mat. Det siste brystleddet ber i tillegg kjønnsopningar.

Bakkroppen er sett saman av ringar, som alle er danna av meir enn eitt ekte kroppsledd. Dei har fleire sett med lemmar på kvar av dei fremste ringane, medan dei bakerste manglar dei heilt. Ytst på halespissen har skjoldkrepsane to lange halar, ein på kvar side av anusopninga.

Skjoldkreps er små dyr, oftast mellom 2 og 12 centimeter.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Ein Triops cancriformes sett underifrå og ovanifrå (innfelt), pluss vasspytten han vart funnen i (nedst).

Dei langt fleste nolevande skjoldkreps heldt til i midlertidige dammar som ligg tørrlagt mykje av tida. Særleg slekta Triops har egg som er særs motstandsdyktige mot tørke. Alle artane har kort levetid; det går sjeldan meir enn 30-40 døger frå eit egg vert lagt til det klekte dyret legg sine eigne egg. Det finst både tokjønna, hermafrodittiske og partenogenetiske artar.

Mesteparten av tida kryp skjoldkrepsen rundt på botnen, men dei kan òg symja. Dei lever stort sett av ymse organisk materiale dei finn i avleiringane på botnen, stundom med innslag av levande bytte som blautdyr, andre krepsdyr, vassinsekt, makk, froskeegg og stundom tilmed rompetroll og småfisk.

Somme Triops-artar har økonomiske effektar, gjennom at store bestandar kan grava i rismarkar og drepa plantane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2002

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]