Skogfredlaus
Utsjånad
| Skogfredlaus | |
Skogfredlaus | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Lyngordenen Ericales |
| Familie: | Nøkleblomfamilien Primulaceae |
| Underfamilie: | Myrsinoideae |
| Stamme: | Lysimachieae |
| Slekt: | Lysimachia |
| Art: | Skogfredlaus L. nemorum |
| Vitskapleg namn | |
| Lysimachia nemorum | |
Skogfredlaus (Lysimachia nemorum) er ei urteaktig plante i fredlausslekta i fredlausfamilien. Han er 10–40 cm lang, har krypande stengel og tynne, lysegrøne blad. Blomane er gule. Arten er fleirårig.[1]
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]
Skogfredlaus veks naturleg frå vestre og sentrale Europa, Sicilia og Balkan til Kaukasus. No er arten forvilla på mange plassar i verda.
I Noreg er planta funne på Vestlander.[2] I Sverige er arten sjeldsynt og ein finn den berre i Skåne og Småland.[3]
Skogfredlaus veks i fuktige lauvskogsområde. Artsnamnet nemorum er avleidd av gresk nemos ('lund') og har tydinga 'som veks i lundar'.[3]
Kultivarar
[endre | endre wikiteksten]- Lysimachia nemorum 'Little Sun'
- Lysimachia nemorum 'Pale Star'
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ skogfredløs i Store norske leksikon.
- ↑ Artsdatabanken
- 1 2 Den virtuella floran - Skogslysing
