Skorpa i Kvænangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skorpa
Lokalt namn: Skárfu
Geografi
Norway - Skorpa, Kvænangen.png
Stad Kvænangsfjorden
Koordinatar 69°55′54″N 21°41′32″EKoordinatar: 69°55′54″N 21°41′32″E

Høgaste punkt Varden (307 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms

Demografi
Folketal 0

Skorpa (samisk Skárfu)er ei øy i Kvænangen kommune i Troms. Øya ligg i fjorden Kvænangen sør for øya Spildra og nordvest for øya Nøklan. Det høgaste punktet på Skorpa er Varde på 307 meter over havet.

I 1940 låg ein norsk krigsfangeleir på Skorpa[1]. På øya står Skorpa kyrkje frå 1850, som lenge var hovudkyrkje for Kvænangen. Siste innbyggjar flytta frå øya rundt 1980, og ho har vore utan fastbuande sidan den gong.

Skorpa, Nøklan og Høyholman er verna som landskapsvernområde med plantelivsfreding [2].

Romanfiguren Jon Skorpen i Tremasteren Fremtiden av Jonas Lie, er i romanen knytt til Skorpa i Kvænangen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]