Skrapelastar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terex TS-14b skrapelastar, med to motorar, i arbeid

Skrapelastar er ei anleggsmaskin som vert nytta til å flytta masse. Når maskina flyttar seg framover vert grunnen løyst opp av eit skjer og går opp i ein stålkasse. Skjeret er festa på denne kassen og heile kassen vert senka ned når han skal fyllast.

Maskinene er rammestyrte, med motor og førarhus på framdelen og lastekassen på den bakre delen. Maskinene har drift på alle hjula og mange maskinar har ein separat motor på den bakre delen. Når bakken er hardpakka kan trekkrafta likevel verta for lita og ein nyttar av og til ein bulldosar for å skuva på bakfrå. Det finst òg små skrapelastarar som vert dregne etter sin bulldosar.

Denne typen maskiner høver best når ein skal flytta overflatejord over korte avstandar. Dei er meir utbreidde i Nord-Amerika enn i Europa. Dei fyrste skrapelastarane vart laga av LeTourneau [1].

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. LeTourneau , R.G., Mover of men and mountains, Moody Press, 1995.