Slaget ved Assietta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget ved Assietta
Del av den austerrikske arvefølgjekrigen
[[Fil:|300px]]
Dato 19. juli 1747
Stad near Colle dell'Assietta i Savoie
Resultat Piemontesisk siger
Partar
Frankrike Frankrike Kongedømet Sardinia Kongedømet Sardinia
Kommandantar
Louis Charles Armand Fouquet Greven av Bricherasio
Tap
om lag 5000 77

Slaget ved Assietta vart utkjempa den 19. juli 1747 som ein del av felttoget i Italia under den austerrikske arvefølgjekrigen. Resultatet vart nederlag for Frankrike mot armeen til Kongedømet Sardinia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I den seinare fasen av den austerrikske arvefølgjekrigen valde Frankrike å utrydde den savoie-piemontesiske armeen på grunn av den strategisk sterke posisjonen deira. Kong Ludvig XV av Frankrike hadde alt prøvd å trengje inn i Piemonte, omleira Cuneo og utkjempa slaga ved Madonna dell'Olmo og Bassignana, men hadde tapt alt så langt. Denne gongen møtte dei med ein svær arme på 150 infanteriregiment, 75 kavaleriskvadronar og to artillerbrigadar, under kommandoen til marskalk Charles Louis Auguste, hertug av Belle-Isle og Marquis De La Mina. Dei to kommandantane hadde forskjellig syn på korleis dei skulle utføre felttoget. Belle-Isle ønskte å gå mot Torino ved å krysse Alpane, medan hans spanske kollega ønskte å sende troppar for å frigjere Genova frå omleiringa til ein austerriksk-piemontesisk styrke.

Belle-Isle fekk gjennomslag for planane sine og dei franske troppane okkuperte Antibes og provinsen Nice. Dei vart derimot stogga av sterk piemontesisk motstand i dei sørlege fjellovergangane i Alpane. Bror til Belle-Isle, Chevalier de Belle-Isle, førte ei arme på 50 infanteribataljonar, 15 kavaleriskvadronar og mange kanonar mot dei nordlege overgangane. Armeen vart delt inn i to korps, eit som gjekk ned frå Moncenisio mot Exilles, og eitt som gjekk mot Fenestrelle frå Assiettapasset. Sistnemnde er eit aude platå på over 2500 meter over havet. Karl Emmanuel III av Sardinia hadde rekna med at franskmennene ville passere her, og bygde festningsverk med 13 infanteribataljonar, ni av dei piemontesiske og resten frå austerrikarar og sveitsarar som ikkje hadde klart å gjennomføre omleiringa av Genova.

Fransk etterretning varsla marskalkane om at piemontesarane bygde festningsverk i passet, og valde å gå til åtak med ein gong. Franskmennene gjekk til slaget med 32 bataljonar mot piemontesarane sine 13 bataljonar. Dei franske troppane var delt inn i tre kolonnar. Åtaket starta klokka 16.30, og trass i den heltemodig innsatsen til franskmennene, vart dei pressa tilbake av det sterke piemontesiske forsvaret med store tap. Etter fem timar trekte franskmennene seg tilbake. Den franske kommandanten Chevalier de Belle-Isle mista livet i slaget.

Franskmennene tapte 5000 mann, inkludert sju generalar, medan piemontesarane berre tapte 77 mann og fekk 50 skadde soldatar.

Dei franske troppane returnerte til Frankrike. Fredrik II av Preussen sa etter å ha høyrt om slaget i Assietta at om han hadde hatt slike tapre soldatar, så ville han lett ha vorte konge av Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Assietta» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Vittorio Dabormida (1891). La battaglia dell'Assietta : studio storico. Voghera. 
    • Adriano Alberti (1902). La battaglia dell'Assietta (19 di luglio del 1747): note e documenti. Francesco Casanova. 
    • Rodolico, Niccolò (Juli–august 1947). «Il Centenario della Battaglia dell'Assietta». L'Universo (Istituto Geografico Militare) (4.XXVII).