Slaget ved Villafranca i 1744

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget ved Villafranca
Del av den austerrikske arvefølgjekrigen
Dato 20. april 1744
Stad Villafranca i Piemonte (dagens Villefranche-sur-Mer i Frankrike)
Resultat Fransk-spansk siger
Partar
Frankrike Frankrike
Det spanske riket 1701-1748 Spania
Kongedømet Sardinia Kongedømet Sardinia
Storbritannia 1606-1801 Storbritannia
Kommandantar
Infant Filip av Spania
Fyrsten av Conti
Karl Emmanuel III
Thomas Mathews
Styrkar
40 000 12 000
Tap
14 000 5000

Slaget ved Villafranca fann stad 20. april 1744 under den austerrikske arvefølgjekrigen. Armeane til Frankrike og Spania rykte inn i Kongedømet Sardinia og gjekk gjennom passet ved Villafranca, der dei slo dei britisk-sardinske forsvararane.

Situasjonen i Italia[endre | endre wikiteksten]

1744 hadde starta trist for spanjolane i Italia. I sør dreiv austerrikarane stadig General Montemar og armeen hans tilbake. Napoli var trua. Storbritannia, som hadde kontroll i Middelhavet med den overlegne marinen sin, blanda seg inn i striden på austerrikarane si side, og Royal Navy plaga spanske skip og allierte av Spania i området. Genova var blokkert av ein britisk skvadron og Sveits let ingen troppar passere gjennom landet. Filip av Parma marsjerte med den spanske armeen gjennom Frankrike, som var allierte av Spania, og erobra lett Savoie. På grunn av mangel på forsyningar måtte dei derimot stogge før dei rykte fram mot sardiniarane i Alpane.

22. februar klarte marinen til Bourbon å drive bort den britiske flåten utanfor kysten av Toulon. Admiral Matthews trekte flåten sin tilbake, og franskmennene og spanjolane fekk dermed kontroll over sjøvegen sør for Frankrike. Forsyningar vart frakta i hopetal til den spanske leiren ved Alpane. 20 000 franskmenn under Louis François I de Conti vart forflytta og slått saman med dei 20 000 spanjolane under Filip. Målet deira var å tvinge seg gjennom Alpane og inn i Lombardia, der dei skulle slå seg saman med den spanske armeen lenger sør i Italia.

1. april kryssa dei allierte elva Var og rykte inn i Nice, som fall utan kamp. Villafranca låg så føre dei.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Sardiniarane, ført av Kong Karl Emmanuel grov seg ned langs høgdene i Villafranca. Det naturlege forsvarsverket deira var formidabelt. Angriparane var omringa av klipper og bratte skrentar og måtte klatre opp ei vanskeleg rute over berg og store steinar, som dei sardinske geværmennene hadde fri sikt til. Karl Emmanuel meinte at denne posisjonen var umogeleg å ta for fienden.

Admiral Matthews hadde samstundes returnert til området og sette i land ein kontingent britiske regulære troppar, infanteristar og artilleristar for å støtte opp under det sardinske forsvaret. Denne styrken slo seg saman med sardiniarane på høgdene, og gauv laus på franskmennene, som dei nyleg hadde erklært krig mot. Voltaire skreiv seinare «sjølv i Alpane fann vi engelskmenn som kjempa mot oss».

Conti vart ikkje forferda og franskmennene og spanjolane klarte å storme høgdene, og tvinga sardiniarane på flukt. Dei klarte òg nesten å ta Matthews og følgjet hans til fange.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Same dag tok franskmennene og spanjolane festninga i Montalban med storm. For den unge Conti markerte dette starten på ei suksessrik militærkarriere som ein av dei leiande franske offiserane. Dei allierte jaga etter sardiniarane i månadene etter, men mot slutte av felttoget låg framleis austerrikarane mellom dei spansk-franske styrkane i Nord-Italia og dei spanske styrkane lenger sør. Conti vart kalla tilbake til krigsskodeplassen i Tyskland i 1745.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]