Slaviša Jokanović

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaviša Jokanović
DK-Maccabi (11).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Slaviša Jokanović
Fødd 16. august 1968 (51 år)
Fødestad Novi Sad i SFR Jugoslavia (no Serbia)
Høgd 191 cm
Posisjon Defensiv midtbanespelar
1988-1990 Vojvodina 54 (10)
1990-1993 Partizan 61 (20)
1993-1995 Real Oviedo 62 (12)
1995-1999 Tenerife 120 (17)
1999-2000 Deportivo 23 (2)
2000-2002 Chelsea 39 (0)
2003-2004 Murcia 6 (0)
Totalt 403 (66)
Landslag
År Lag Kampar
1991 Jugoslavia 8 (0)
1994-2002 Serbia og Montenegro 58 (10)
Trenar for
År Lag
2007-2008 Partizan
2012-2013 Muanghong United
2013 Levski Sofia
2014 Hércules
2014-2015 Watford
2015 Maccabi Tel-Aviv
2015-2016 Fulham
‡ Landslagsmål oppdatert 20. februar 2011

Slaviša Jokanović (fødd 16. august 1968) er ein serbisk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar frå Novi Sad.

Han er no hovudtrenar for storklubben Partizan, som òg var det fyrste laget han trente etter at han la opp som aktiv fotballspelar.

Jokanović byrja sin karriere i FK Novi Sad og gjekk seinare til FK Vojvodina som vann den jugoslaviske serien i 1989. I 1990 gjekk han til Partizan, der han vann serien i 1993 og cupen i 1992. Etter desse trofeene gjekk han til den spanske klubben Real Oviedo, etterfølgd av opphold i klubbane Tenerife og Deportivo. Så drog han til England der han gjekk frå Deportivo til Chelsea for 1,7 millionar pund. Han gjekk til den spanske klubben Ciudad de Murcia, som han la opp frå i 2004.