Slikjekjake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein slikjekjake vert brukt til å glatte klede. Han har vorte brukt til å glatte ut linklede, skjorter og anna kvitsaum. Slikjekjaken er 20 - 25 cm. lang. Han er laga av kjevebeinet til storfe eller hest. Beinet er kokt i lut og soltørka. Bruken er best kjend frå Hallingdal, men han har truleg vore brukt over heile Noreg. Like eins har han vore i bruk i Sverige og Tyskland.

Slikjekjaken har vorte rekna så effektiv at han var i bruk jamsides strykejarnet langt inn på 1900-talet.

Etter Ivar Aasen tyder slike glatte, polere, stryke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Harald Kolstad:Gamle redskaper Små antikviteter. N.W.Damm & SØN AS. 2002. ISBN 82-496-0445-8