Småeldkvede
Eldkvede | |
Eldkvede | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Eplefamilien Maloideae |
Slekt: | Chaenomeles |
Art: | Eldkvede C. japonica |
Vitskapleg namn | |
Chaenomeles japonica |
Småeldkvede (Chaenomeles japonica), somme tider omtala som eldkvede, er ein lauvfellande busk i eldkvedeslekta i rosefamilien.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Småeldkvede har ei vekseform som først er tett og risa, men som seinare blir overhengande og kroka. Gamle greiner er utbreidde, men unge skot er stivt opprette. Dei unge greinene ber rette greintornar. Blomstrande skot er derimot tornelause. Borken er først gråbrun, men seinare svartgrå og ru. Knoppane sit spreidde, og dei er små, runde og raudlege. Blomsterknoppane sit i knippe på små kortskot. Blada er ovale eller omvendt eggforma med sagtakka rand. Oversida er blank og mørkegrøn, medan undersida er grågrøn. Blomstrane er store, og dei spring ut kort før lauvspringet. Dei fargerike vårblomstrane kan vere raude, kvite, rosa eller fleirfarga.
Frukta er gul og duftande, men òg hard og sur. Ho kan etast, men er hard. Ho er ikkje like kjent for sine eigenskapar i gelé og pai som slektningen Cydonia. Eldkvedefrukta er epleforma og inneheld raudbrune frø. Ho er kalla kusa-boke (草木瓜 kusa-boke) på japansk.
Rotnettet består av kraftige hovudrøter, som når langt ut og djupt ned. Siderøtene er fint forgreina og høgtliggande i jorda. Planta set mange rotskot.
Eldkvede er kortare enn ein annan vanleg dyrka slektning C. speciosa, og blir om lag 1 m høg.[1] Storleiken kan bli rundt 2 x 1,5 m (vekst 15 x 10 cm/år).
Eldkvede er mykje nytta som hageplante, og står på norsk svartliste med vurdering som låg risiko for uønskt spreiing. Eldkvede hydridiserer med C. speciosa og dannar hybriden Chaenomeles x superba. C. japonica er ei populær plante i bonsaidyrking.[2]
Heimstad
[endre | endre wikiteksten]Skogbryn og kratt nær skoggrensa i japanske fjell, der grunnen er grusete og næringsrik, og der det er full sol. Frøa spirer lett i Danmark.
Sortar og hybridar
[endre | endre wikiteksten]- Chaenomeles japonica Romsdal
- Chaenomeles japonica Dømmesmoen
- Chaenomeles japonica 'Ås'
- Chaenomeles japonica 'Cido' - orange, tornefri (blir dyrka på grunn av frukta)
- Chaenomeles x superba Hybrideldkvede
- Chaenomeles x superba 'Crimson and Gold'
- Chaenomeles x superba 'Nicoline' Dafo - purpurraud
- Chaenomeles x superba 'Fire Dance'
- Chaenomeles x superba 'Cameo'
- Chaenomeles X superba 'Knap Hill Scarlet'
- Chaenomeles x superba 'Pink Lady' - djuprosa
- Chaenomeles x superba 'Texas Scarlet'
- Chaenomeles x superba 'Andeken An Karl Ramcke'
- Chaenomeles x superba 'Jet Trail’ - kvit
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bailey, L.H.; Bailey, E.Z.; the staff of the Liberty Hyde Bailey Hortorium. 1976. Hortus third: A concise dictionary of plants cultivated in the United States and Canada. Macmillan, New York.
- ↑ D'Cruz, Mark. «Ma-Ke Bonsai Care Guide for Chaenomeles japonica». Ma-Ke Bonsai. Arkivert frå originalen 9. november 2010. Henta 8. juli 2011.
- Sten Porse: Plantebeskrivelser, DCJ 2003 (CD-Rom).
- Eldkvede NRK
- Sortar[daud lenkje]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Lille Japankvæde» frå Wikipedia på dansk, og «Chaenomeles japonica» frå Wikipedia på engelsk den 17. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Eldkvede hos Artsdatabanken
- (en) Eldkvede i Encyclopedia of Life
- (en) Eldkvede i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Eldkvede hos Dyntaxa
- (en) Eldkvede hos ITIS
- (en) Eldkvede hos NCBI
- (en) Eldkvede hos The International Plant Names Index
- (en) Eldkvede hos Tropicos
- (en) Kategori:Chaenomeles japonica – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Chaenomeles japonica – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Chaenomeles japonica – detaljert informasjon på Wikispecies