Smågodt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smågodt-utval hos ein godtebutikk.

Smågodt er godteri som vert selt i lausvekt.

Smågodtet blei utbreidd i Noreg i 1970-åra, og fram til 1990-åra blei det også selt med stykkpris.[1] Det blei omsett smågodt for 991 millionar kroner i Noreg i 2012, noko som utgjorde 11 % av den totale godterimarknaden. Dei to største smågodtprodusentane på den norske marknaden er Nidar og Candyking.[2]

Same Hobby-sjokolade kostar nesten 500 kr/kg i innpakka form, men berre 159 kr/kg i smågodtform. Sjokolade kan vere langt billegare i lausvekt.[3]

Prismessig ligg smågodt betydeleg under prisen av innpakka godteri, og spesielt sjokolade er langt billegare om ein kjøper det i lausvekt.[3][4]

Smågodt vert som regel selt med pris per kilogram (kg). Tidlegare blei smågodt i Noreg selt pris per hektogram (per 100 gram), men som for dei fleste andre matvarer blir kilogram brukt i aukande grad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «To Salte Skaller og en Sjokolademus takk!». Nidar. 12. oktober 2012. Arkivert frå originalen 16. april 2014. Henta 16. april 2014. 
  2. «Kjøper smågodt for 991 millioner kroner». kk.no. 30. september 2013. Arkivert frå originalen 16. april 2014. Henta 15. april 2014. 
  3. 3,0 3,1 «Spar penger på smågodt». bt.no. 25. april 2009. Henta 31. mars 2016. 
  4. «Advarer mot prisfelle på sjokolade: – Du kaster penger rett ut vinduet». Nettavisen. 13. februar 2021. Henta 13. februar 2021.