Småplanet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Småplanetar, eller planetoidar er små himmellekamar i solsystemet som går rundt sola (eller i andre planetsystem, rundt andre stjerner) som er større enn meteoroittar (dei største meteorittane har ein diameter på ca. 10 m) men mindre enn dei store planetane (Pluto, den minste planeten, har ein diameter på ca. 2306 km). Termen «småplanet» er no og då brukt som eit synonym for asteroide, men dette er ikkje rett, asteroidene er berre ein av fleire typar småplanetar, andre typar er m.a. Trans-Neptun-objekt, og det finst også andre typar.

Den første småplaneten, som fekk namn Ceres, blei oppdaga i 1801 av Giuseppe Piazzi. Sir William Herschel, oppdagaren av Uranus, laga omgrepet «asteroide» for dei første objekta som blei oppdaga på 1800-talet. Alle dessa går rundt sola mellom Mars og Jupiter, som regel i banar med låg eksentrisitet (altså ikkje særleg avlange).