Dvergplaneten Ceres
Ceres fotografert av romsonden Dawn | |
| Oppdaging | |
|---|---|
| Oppdaga av | Giuseppe Piazzi |
| Oppdagingsdato | 1. januar 1801 |
| Baneskildring | |
| Epoke 14. juli 2004 (JD 2453200,5) | |
| Aphel | 447,008 mill. km (2,988 AE) |
| Perihel | 380,890 mill. km (2,546 AE) |
| 413,949 mill. km (2,767 AE) | |
| Eksentrisitet | 0,080 |
| 0,744° | |
| Banehelling | 10,581° |
| 80,464° | |
| 73,947° | |
| Fysiske eigenskapar | |
| Dimensjonar | 959,2·932,6 km |
| Masse | 9,445·1020 kg |
| 2,05 g/cm³ | |
| 0,51 km/s | |
| 0,3781 d | |
| Albedo | 0,113 |
spektralklasse | C |
| 3,34 | |
Ceres (småplanetnemning 1 Ceres; symbol:
[1]) er den minste dvergplaneten i solsystemet, og den einaste i asteroidebeltet. Ceres vart oppdaga 1. januar 1801 av Giuseppe Piazzi og er namngitt etter den romerske gudinna for veksande planter, innhausting og morskjærleik. Romsonden Dawn gjekk inn i bane kring Ceres 6. mars 2015.
Ceres er med sine 950 km i diameter den desidert største og mest massive lekamen i asteroidebeltet og utgjer omtrent ein tredjedel av den totale massen i regionen. Ceres har ei sfærisk form i motsetning til dei fleste lekamar med svakare tyngdekraft.
Ceres vart fyrst klassifisert som ein planet, deretter som ein asteroide. 24. august 2006 vedtok IAU nye klassifiseringar av lekamar i solsystemet som medførte at Ceres vart klassifisert som ein dvergplanet.



Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ JPL/NASA (22. april 2015). «What is a Dwarf Planet?». Jet Propulsion Laboratory. Henta 19. januar 2022.
- ↑ New Clues to Ceres' Bright Spots and Origins - NASA
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]| Solsystemet |
|---|
| Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris |
| planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen |
| smålekamar: meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya) |
| Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet |
