Smithsonitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Smithsonitt
Smithsonite Kelly Mine.jpg
Ein prøve av smithsonitt frå Kelly-gruva i Socorro County i New Mexico i USA.
Generelt
Kategori Karbonatmineral
Kjemisk formel ZnCO3
Strunz-klassifisering 05.AB.05
Krystallsymmetri Trigonal 3 2/m
Einingscelle a = 4.6526(7) Å, c = 15.0257(22) Å; Z = 6
Identifikasjon
Farge Kvit, grå, gul, grøn til eplegrøn, blå, rosa, lilla, blågrå og brun
Krystallform Uvanleg som krystallar, typisk botryoidal, nyreforma, sfærulittisk; stalkittisk, jordaktig, kompakt massiv
Krystallsystem Trigonal - Heksagonal skalenoeder
Tvilling Ingen observert
Kløyv perfekt på [1011]
Brot Ujamn, undermuslig
Fastleik Sprø
Mohs hardleiksskala 4.5
Glans glasaktig, kan vere perleaktig
Strekfarge Kvit
Transparens Gjennomskinneleg
Spesifikk vekt 4.4 - 4.5
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Einaksa (-)
Brytingsindeks nω = 1.842 - 1.850 nε = 1.619 - 1.623
Dobbeltbryting δ = 0.223 - 0.227
Ultrafiolett fluorescens Kan fluorescere bleik grøn eller lyseblå under UV
Kjelder [1][2][3]

Smithsonitt eller sinkspat, tidlegare calamin, er eit kvitt eller svakt farga mineral som består av sinkkarbonat, ZnCO3. Det tilhøyrer kalsittgruppa (isomorfi). Det vert danna sekundært etter sfaleritt. Det vert utvunne som sinkmalm mellom anna i Mexico og USA. Det er sjeldan i Noreg.

Smithsonitt vart identifisert med hemimorfitt før ein forstod at dei var to eigne mineral. Dei to minerala liknar mykje på kvarandre og namnet kalamin er brukt om begge, noko som har ført til forvirring. Smithsonitt vart namngjeven i 1832 av François Sulpice Beudant etter den engelske kjemikaren og mineralogen James Smithson (ca. 1765–1829), som oppretta Smithsonian Institution og som først identifiserte mineralet i 1802.[2][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.mindat.org/min-3688.html Smithsonite: Smithsonite mineral information and data from Mindat
  2. 2,0 2,1 http://www.webmineral.com/data/Smithsonite.shtml Smithsonite mineral data from Webmineral
  3. http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/smithsonite.pdf Handbook of mineralogy
  4. «Smithsonite at the National Museum of Natural History». Smithsonian Institution. http://www.mnh.si.edu/onehundredyears/featured_objects/smithsonite.html. Henta 9. august 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Smithsonitt