Snøbakkestjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Snøbakkestjerne
Snøbakkestjerne
Snøbakkestjerne
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Stamme: Astereae
Slekt: Bakkestjerneslekta Erigeron
Art: Snøbakkestjerne E. uniflorus
Vitskapleg namn
Erigeron uniflorus

Snøbakkestjerne er ei urt i bakkestjerneslekta i korgplantefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.

Planta vert kring 10 cm høg. Dei nedre blada er snaue. Planten har oftast einskild stengel med små korte blad. Han har korg med grå- eller raudfiolette korgdekkblad, om lag snaue øvst. Kantkronene er kvite, til slutt fiolette. Midtkronene er gule og blir snart raude øvst. Snøbakkestjerne blomstrar kring juli månad på enger og snøleger til fjells.

Planten veks i alle fjelltrakter i Noreg. Han er funnen opp til 2120 m i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Snøbakkestjerne