Snøsau
Utsjånad
| Snøsau | |
Snøsau | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av Snøsau | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
| Familie: | Kvegdyr Bovidae |
| Slekt: | Ovis |
| Art: | Snøsau O. nivicola |
| Vitskapleg namn | |
| Ovis nivicola | |
Snøsau (Ovis nivicola) er ein villsauart i slekta Ovis. Han kjem frå fjellområde i Sibir. Arten finst i Nordaust-Sibir frå Lena-elva til Tsjukotka og Kamtsjatka. Ein underart, Ovis nivicola borealis, lever isolert frå dei andre typane i Putoranfjella sentralt i Sibir.[1]
Snøsau blir 160–180 cm og 90–100 cm høg i mankehøgd. Hoer veg 60–65 kg og hannar 90–120 kg. Han har mørkebrun pels. Dei er nært i slekt med dei nordamerikanske artane tynnhornsau og tjukkhornsau, men har mindre horn enn tjukkhornsau.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Harris, R.B. & Tsytsulina. K. 2008. Ovis nivicola. The IUCN Red List of Threatened Species 2008: e.T15740A5076357. Henta 24. juni 2020.
- ↑ «snøsau». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 28. september 2014.