Sogn gruve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sogn gruve

59°58′16″N 10°44′26″E / 59.97111°N 10.74056°E / 59.97111; 10.74056 Sogn gruve er ei tidlegare gruve ved Sognsvann i Oslo. Gruvedrifta byrja i området mellom Vettakollen og Sognsvann, då prost Morten Krabbe i 1540 oppdaga at det var jernmalm (magnetitt) i området. Gruvene vart gravne ut mellom anna ved hjelp av fyrsetting, ein metode som vert spegla att i gruva sitt kvelva tak. Ved fyrsetting vart steinen varma opp til han vart sprø og ettergjevande.

Denne praksisen heldt fram til 1800-talet, då ein i større grad byrja med meir effektiv krutsprenging. Gruvedrifta heldt fram til 1854. Gruva er i god stand, i tilhøve til mange andre byggverk frå denne tida. Igjen står sjølve gruva, eit platå som vart brukt til hestevandring, nokre mindre hus, og dessutan enkelte steinfundament og murar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Sogn gruve i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren