Vettakollen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vettakollen T-banestasjon på Holmenkollbanen ligg i Vettakollenområdet på 196,7 moh. Sjølve toppen i åsen bak ligg på 419 moh.
Foto: JTK, 2014
Riis skjerp er ei lita, nedlagd gruve på Vettakollen.
Foto: Vidar Iversen, 2014
Planetveien 10 A, 12 og 14 vart oppførte på 1950-talet på Vettakollen i Oslo. Bygningane er teikna av arkitektane Åre Korsmo og Christian Norberg-Schulz.
Foto: Vidar Iversen,2014

Vettakollen er ein kolle, ein ås og eit område i bydelen Vestre Aker i Oslo. Åsen ligg vest for Sognsvann, og søraust for Holmenkollen. Vettakollen var kollen til Grimelund gard, og namnet kjem av ordet vete som tyder varde.[1] Sjølve toppen ligg i Nordmarka, med ei høgd på 419 moh. Innbyggjartalet i Vettakollenområdet er 2 756 menneske.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Vettakollen var tidlegare ein del av Grimelund gard (gardsnummer 35). Vettakollen og Holmenkollen vert åtskilde av Skådalsbekken og Skådalen. Toppen ligg 419 moh. Rundt vettakollen er det òg eit bustadsstrøk, og det finst òg ein eigen T-banestasjon med namn Vettakollen. Gulleråsen stasjon, Gråkammen stasjon og Skådalen stasjon ligg òg nær Vettakollen og vert i nokre høve rekna som delar av Vettakollen. Innbyggjartalet i Vettakollenområdet er 2 756 menneske.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Mellom Vettakollen og Sognsvann (frå 1934-1970-talet skrive Sognsvatn[2]) ligg ei rekkje tidlegare gruver og skjerp, både Vettakollen skjerp (kopar og jern), Gaustad gruve (jern) og Riis skjerp (jernmalm). Sistnemnde ved Bånntjern ser ein berre som små groper i terrenget. Vettakollen og Gaustad gruve var større, sistnemnde med ein 60 meter lang stoll. Dette er grenseområdet mellom knollekalk og akeritt, og i kontaktsona hende det metamorfosar djupt nede i jordas indre der det vart felt av sink, kopar og jern. Gruvene vart drivne frå 1540 og skiftevis til 1620 og vidare ei tid på 1700-talet. Her går Ankerveien forbi og vart nytta til drift av gruvene. Austom Sognsvann ligg òg eit mindre geologisk grensefelt med Sogn gruve.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Vettakollen» kjem av det gamle ordet «vete» (norrønt viti, 'teikn, merke, varde'), som er ei nemning på dei vedstablane som tidlegare vart reiste på visse fjelltoppar, oftast nær kysten, og som vart tende når fiendar nærma seg eller var komne til landet. Bålet var eit signal om at det skulle tennast liknande bål på andre toppar, og om at alle våpenføre menn skulle samlast for å verje landet.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Musikkfestivalen Kollenfestivalen tek namnet sitt frå Vettakollen.

Gamle bilete[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten Aften 08.10.2008
  2. «Sognsvannsbanen». Wikipedia. 27. september 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]