Sognsvann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sognsvann
innsjø
none  Sognsvann i august 2002
Sognsvann i august 2002
Område Oslo
Høgd over havet 183 moh moh
Areal 0 4 km² km²
Wikimedia Commons: Sognsvann

Sognsvann er ein innsjø i Nordmarka i Oslomarka, innanfor den såkalla markagrensa rett nord for byområdet i Oslo. Sognsvann var drikkevatn for Oslo frå 1876 til 1967, og er demma opp. Bekken ut or vatnet passerer Rikshospitalet på Gaustad og Frognerparken på sin ferd ut i Frognerkilen, og renn både open og i røyr gjennom byen. Ved sørenden av Songsvann ligg Sognsvann gård på endemorenen etter siste istid, då havnivået nesten nådde heilt opp til det som no er Sognsvann.

Sognsvann er eit vanleg nytta utgangspunkt for turar i Nordmarka, både sommar og vinter. Den næraste omkrinsen kring vatnet er òg eit viktig og mykje nytta turområde. Ein kjem til Sognsvann ved å ta T-banelinja Sognsvannsbanen til endehaldeplassen Sognsvann. Dessutan er det laga til store parkeringsplassar i nærleiken av denne haldeplassen for dei som nyttar eigen bil.

Ved sjølve vatnet er det gode høve for grilling, bading, strandvolleyball og andre aktivitetar. Om vinteren kan ein gå på skeiser eller drive isfiske når tilhøva ligg til rette for det. Fiskarar som er 18 år eller eldre må kjøpe seg fiskekort hjå Oslomarkas Fiskeadministrasjon (OFA) på førehand for å kunne fiske i Sognsvann og andre vatn i Nordmarka. Ikkje langt unna vatnet er det enkelte kulturminner, som gruver og restar av malm etter utvinning av jern, samt «svenskemuren» reist av svenske krigsfangar på 1800-talet.

Det går ein gangveg, ein asfaltert tursti, ikring Sognsvann som er ideell til trening og jogging; løypa er om lag 3,3 km lang. Mange trenigsklubbar ol. pleier å springe rundt Sognsvann, og det vert mellom anna skipa til eit løp kvar veke i sommarhalvåret - Sognsvann rundt, medsols. Også Oslo Triathlon - og mange andre populære aktivitetar både for idrettsutøvarar, friluftsentusiastar og andre - vert arrangert med utgangspunkt i Sognsvann. Turstien rundt sjølve vatnet er tilrettelagt for rullestolbrukarar, og berre gåande og løpande kan difor nytte han. Sykling er forbode, og syklande vert vist til dei andre turvegane noko lengre unna sjølve vatnet, mellom anna turvegen opp mot Ullevålseter og den gamle Ankervegen mot Hammeren i Maridalen.

Norges idrettshøgskole ligg ved sørenden av Songsvann.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]