Hopp til innhald

Sogndalsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sogndalsfjorden
fjord
Loftesnessundet, der Loftesnesbrua går over fjorden, dannar skiljet mellom Sogndalsfjorden og Barsnesfjorden.
Foto: Tim Bunce
Land  Noreg
Kart
Sogndalsfjorden
61°11′38″N 7°03′14″E / 61.194°N 7.054°E / 61.194; 7.054
Wikimedia Commons: Sogndalsfjorden

Sogndalsfjorden er ein del av Norafjorden som er ein fjordarm av Sognefjorden. Fjorden har ei lengd på 16 km inn til starten av Barsnesfjorden som fjorden heiter nord for Sogndalsfjøra.

Stedjeberget og Sogndalsfjorden, like sør for Sogndalsfjøra

Norafjorden har innløp ved Nornessundet ved Nornes, rett nord for Fimreite. Like nord for Nornes ligg garden Norum. Litt lenger nord ligg Ylvisåker og Fardal på vestsida. Forbi Fardal kjem ein til garden Øskjastrond (Eskestrand), og her deler fjorden seg i to. Ved Kjørnes held Eidsfjorden fram austover, medan hovuddelen av fjorden går inn til Barsnesfjorden, forbi Sogndalsfjøra. Her kryssar den 210 meter lange Loftesnesbrua langs riksveg 5 Loftesnessundet. Sundet markerer den sørlege grensa til Barsnesfjorden, som held fram 5 km vidare nordover. Riksveg 5 går elles langs heile nordsida av fjorden.

Utanfor Sogndalsfjøra er det i nyare tid frå tid til anna nytta namnet Sogndalsfjorden, men Norafjorden går heilt inn til Loftesnes der Barsnes startar.