Solavågsbygda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Solavågsbygda er ei bygd i Sula kommune på Sunnmøre. Bygda omfattar matrikkelgardane Solavågseidet, Leirvåg, Sunde, Solavåg og Bjørkavåg.

Bygda ligg kring fjordpollen Storevalen og den naturlege kanalen til Storfjorden i sør. Sunde og Leirvåg ligg på austsida av Storevalen, Solavåg og Bjørkavåg på vestsida, medan Solavågseidet ligg nord for fjordpollen.

Fram til 1960-åra var bygda prega av landbruk og noko verksemd knytt til fiskeri og fisketilverking. Sidan 1970-åra har størstedelen av Sunde-Leirvåg vorte utbygt med byggefelt, og framstår i 2011 nærast som forstad.

I 1947 fekk Solavågsbygda ferjesamband over Storfjorden med Festøya i Ørsta. Ferjeleiet ligg på Sunde og har vorte utbygt ei rekke gonger. E 39 går frå Sunde, forbi Leirvåg og Solavågseidet og vidare austover til Vegsundbrua.

Bru og veg mellom Sunde og Solavåg vart bygt i 1961.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ragnar Øvrelid: Borgund og Giske, band III. 1964