Festøya
Festøya | |||
stad | |||
Festøya 26. april 2009
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Ørsta | ||
Postnummer | 6174 BARSTADVIK | ||
Gardnummer | 86 | ||
![]() Festøya | |||
Wikimedia Commons: Festøya | |||
Festøya er ein matrikkelgard og eit trafikknutepunkt i Ørsta kommune på Sunnmøre. Matrikkelgarden har gardsnummer 86 i Ørsta. Han ligg heilt nordaust på Vartdalsstranda der Hjørundfjorden tek av frå Storfjorden. Festøya høyrde frå gamalt av til Giskegodset. Fram til 1742 var garden einbølt, sidan har han vore delt i to. Brukarane vart sjølveigarar då dei kjøpte bruka sine i 1771. Like sør for tunet stig Festøykollen bratt opp. Dette gjer at garden har lite sol og ligg tungvint til for jorddyrking. Tidlegare vart to lakseverpe høgt verdsette.[1]
Folketal:[endre | endre wikiteksten]
- 1801: 15 personar – (2 heimar)
- 1865: 15 personar – (2 heimar)
- 1900: 21 personar – (2 heimar)
I dag (2009) er det ikkje fastbuande i Festøya.
Samferdsel[endre | endre wikiteksten]
Første vegen til Festøya langs Vartdalsstranda var ferdig kring 1890. Då det kom biltrafikk vart det prøvedrift med ferje somrane 1937–1939. Ei privat ferje som gjekk mellom Magerholm og Aure i Sykkylven kunne tingast. I 1939 var det frakt 107 bilar over Festøya. For å sikre framtidig ferjedrift bygde Johannes Festøy privat ferjekai som var klar til bruk i 1947. Frå 1947 til 1949 gjekk ferja mellom Magerholm og Sykkylven ein dagleg tur til Festøy. I 1950 stod fejekaia på Sunde i Sula klar til bruk, og det kom i gang rute mellom Festøya. Då auka trafikken sjølv om vegen til Festøya var svært dårleg. Ny veg langs Vartdalsstranda var ferdig i 1959. I 1964 var ei ny ferjekai ferdig. Ho var bygd av vegstyresmaktene. I dag har E39 ferjerute Festøya - Solavågen (ho går framleis til Sunde, namnet Solavågen vart truleg valt fram for Sunde då dette stadnamnet finst andre stader i nærleiken). Fylkesveg 71 har ferjerute Festøya - Hundeidvik. Vegen frå Festøy til Store-Standal, som i dag er fylkesveg 65 vart opna for trafikk i 1966.[2]
Fornfunn[endre | endre wikiteksten]
I 1977 undersøkte arkeologar ei gravrøys som måtte vekk for å gi plass til veganlegg. Røysa var ei båtgrav, truleg frå 800-talet. Det var uråd å seie kor stor båten hadde vore. I røysa vart det funne våpenrestar, perler av glas og rav og eit bronsebeslag som ein reknar med kjem frå Irland.[3]
Tidlegare har det vorte funne ei steinøks og ei treklubbe.[4]