Solipsisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Solipsisme (av latin sol «åleine» og ipsis «sjølv») er ein filosofisk teori som hevdar at eget er det einaste som eksisterer, og følgjeleg at verda og andre menneske berre eksisterer som ein del av medvitet til eget.

Om ein reiser tvil om gyldigheita av vår kunnskap om ei objektivt eksisterande verd uavhengig av erkjennande subjekt, kan solipsismen framstå som ein truande og uønskt konsekvens. Teorien kan òg skildre utvikling som: «vegen vert til medan du går» og verdsoppfatting og kunnskap som deling av illusjonar.

Science fiction-forfattaren Robert A. Heinlein har i fleire av sine bøker bygd på denne ideen, med den konsekvens at hans personar stundom frivillig og stundom uvillig forflyttast til alternative univers. Kombinert med ideen om at då kan alle religionar samstundes vere riktige, vert multiuniversa ein nye arena for utfolding av eit kreativt forfattarskap som slutta i 1988. Han innførte òg omgrepet panteistisk solipsisme som vert nærare forklart i Heinlein sine siste romanar.

Den franske filosofen Jean-Paul Sartre definerer solipsisme som at kvar einskild lever i si eiga verd. Vår erfaring tilseier at andre menneske er til på same måte som oss sjølve, og sidan dei har tilsvarande kropp og oppfører seg på same måte, so kan vi gå ut frå at dei tenker og føler som oss. Vi kan likevel ikkje få vondt i eit anna menneske sin fot eller vite korleis andre har det utan å vurdere dette som objekt.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sartre: L'Etre et le néant (Væren og intet) - 1943