Sollefteå kommun
| Sollefteå kommun | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Len | Västernorrlands län | ||
| Landskap | Ångermanland | ||
| Areal | 5 761,82 km² | ||
| • land | 5 397,82 km² | ||
| • vatn | 364 km² | ||
| Folketal | 20 016[1] (2011) | ||
![]() Sollefteå kommun 63°10′00″N 17°16′00″E / 63.166666666667°N 17.266666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Sollefteå Municipality | |||
Sollefteå kommune ligg i det svenske länet Västernorrlands län i landskapet Ångermanland i landsdelen Norrland. Kommunen har grensar til nabokommunsne Örnsköldsvik, Kramfors, Härnösand, Sundsvall, Ragunda, Strömsund, Dorotea og Åsele. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Sollefteå.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]
Landskapet er kupert og skogdekt. Ångermanälven renn gjennom kommunen i dalføret Ådalen. Faxälven munnar ut i Ångermanälven ved Sollefteå. Vassdraga i kommunen er sterk utbygd og 16 kraftverk bidrar til at kommunen er den nest største vasskraftprodusenten i Sverige.
Kommunen er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Ådalsbanan og Stambanan genom övre Norrland. Kramfors-Sollefteå flyplats ligg i nabokommunen Kramfors.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Sollefteå kommune hadde seks tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
| # | Tettstad | Innbyggjarar |
|---|---|---|
| 1. | Sollefteå | 8 530 |
| 2. | Långsele | 1 620 |
| 3. | Ramsele | 964 |
| 4. | Junsele | 958 |
| 5. | Näsåker | 541 |
| 6. | Österforse | 245 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sollefteå kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.

