Sundsvalls kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sundsvalls kommun
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Västernorrlands län
Landskap Medelpad
Areal 3 452,22 km²
 - land 3 189,61 km²
 - vatn 262,61 km²
Folketal 96 074[1] (2011)
Sundsvall Municipality in Västernorrland County.png
Wikimedia Commons: Sundsvall Municipality

Sundsvall kommune ligg i det svenske länet Västernorrlands län i landskapet Medelpad i landsdelen Norrland. Kommunen grensar mot nabokommunane Ånge, Bräcke, Ragunda, Sollefteå, Timrå og Nordanstig. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Sundsvall. Sundsvall er den mest folkerike kommunen i Västernorrlands län.

Utsikt over Sundsvall by frå Norra Stadsberget

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har skogkledd åslandskap i vest, lågare mot aust. Langs kysten finst mange myrer og småvatn. Kysten er innbukta med fleire øyar, den største øya er Alnön. Elvane Ljungan og Indalsälven munnar ut i Bottenhavet i kommunen.

E4 går gjennom kommunen. E14 til Trondheim har start/sluttpunkt i kommunen. Sundsvall er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Ådalsbanan, Mittbanan og Ostkustbanan. Sundsvall-Härnösand flyplass ligg i nabokommunen Timrå.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Sundsvall kommune hadde 26 tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Sundsvall 49 339
2. Vi 4 757
3. Matfors 3 239
4. Kvissleby 2 633
5. Johannedal 2 592
6. Stockvik 2 165
7. Sundsbruk 2 098
8. Njurundabommen 1 959
9. Skottsund 1 052
10. Svartvik 991
11. Dingersjö 906
12. Ankarsvik 882
13. Essvik 818
14. Indal 666
15. Fanbyn 569
16. Stöde 543
17. Vattjom 499
18. Kovland 476
19. Tunadal 367
20. Lucksta 349
21. Juniskär 333
22. Klingsta och Allsta 305
23. Liden 269
24. Nedansjö 267
25. Gustavsberg 235
26. Hovid 229

Venskapskommunar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Offisiell heimeside