Solveig Slettahjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solveig Slettahjell

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. april 1971 (53 år)
Bærum kommune
Yrke jazzmusikar, komponist, songar
Sjanger jazz
Solveig Slettahjell på Commons

Solveig Slettahjell (fødd 2. april 1971) er ein norsk jazzvokalist, kjend frå fleire albumutgjevingar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Etter oppveksten på Steinkjer og Orkanger, og dessutan musikkutdanning ved Heimdal vidaregåande skule, blei Slettahjell del av jazzmiljøet i Oslo. Ho byrja eit lengre samarbeid med Håkon Hartberg og deltok ho i bandet Squid (Super, Forward Records, 1997), på ei tid då ho òg oppnådde hovudfag i vokalpedagogikk ved Norges musikkhøgskole på avhandlinga Det Rytmiske Aspekt Ved Frasering.

Ho etablerte sitt Slow Motion Orchestra i 1997 med Mats Eilertsen på bass, Per Oddvar Johansen på trommar, Sjur Miljeteig på trompet og Morten Qvenild på piano; kvintetten gav ut Slow Motion Orchestra (Curling Legs, 2001), etterfølgd av standardlåtar på Silver i 2004 som gav gruppa Spellemannprisen 2004 i klassa jazz. Året etter kom Pixiedust med tekster av Peder Kjellsby (2005). Ein kondensert variasjon er hennar Slow Motion duo, der ho med Sjur Miljeteig (trompet) hausten 2006 turnerte m.a. i England. Same året kom plata Good rain, som òg gav Slettahjell eit kommersielt gjennombrot. Hausten 2007 slapp ho solodebuten Domestic Songs, spelt inn heime hos seg sjølv, og med eige pianospel som viktigaste instrumentakkompagnement.

I vokalgruppa Kvitretten (Voices 1996, Everything turns 1999, Kloden er en snurrebass som snurrer oss 2001) song ho med Eldbjørg Raknes, Kristin Asbjørnsen og Tone Åse. Slettahjell har òg medverka med Sigurd Køhn/Nils-Olav Johansen sekstett, med Sidsel Endresen og på utgjevingar med Rob Waring/Carl Morten Iversen/Frank Jakobsen (Synchronize your watches, 2001).

Slettahjell har òg framført samtidsmusikk, i vokaltrioen vonDrei med Ellen Aagaard og Astrid Kvalbein, og dessutan på den Ny Musikk-initierte juleplata med gruppa Poing (Jazzid, 2001), som består av Frode Haltli på trekkspel, Rolf-Erik Nystrøm på saksofon og Håkon Thelin på kontrabass.

Ho opptredde på PoriJazz 2002 i Finland med Pori Sinfonietta .

Solveig fekk våren 2007 sitt første barn, ein son. I 2009 skreiv ho bestillingsverket til Vossajazz som vart til plata Tarpan Seasons.

Saman med In The Country, Bugge Wesseltoft og Knut Reiersrud gav ho i 2014 ut albumet Norwegian Woods – Jazz at Berlin Philharmonic II. For albumet vart dei nominert til Spellemannprisen 2014 i klassa jazz.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2001: Slow Motion Orchestra (med Slow Motion Orchestra)
  • 2004: Silver (med Slow Motion Quintet)
  • 2005: Pixiedust (med Slow Motion Quintet)
  • 2006: Good Rain (med Slow Motion Quintet)
  • 2007: Domestic Songs (ACT). Hjemmeopptak med Slow Motion Duo: Sjur Miljeteig og Peder Kjellsby.
  • 2008: Natt I Betlehem (KKV, 2008). Med Tord Gustavsen og Sjur Miljeteig.
  • 2009: Tarpan Seasons (Universal Music, 2009). Med Slow Motion Orchestra, d.v.s. Miljeteig, Johansen, Qvenild + Jo Berger Myhre bass, Andreas Ulvo orgel og Even Helte Hermansen gitar. Basert på bestillingsverket til Vossajazz 2009.
  • 2011: Antologie (Universal Music)
  • 2014: Norwegian Woods – Jazz at Berlin Philharmonic II (ACT) med In The Country, Bugge Wesseltoft og Knut Reiersrud
  • 2015: Trails Of Souls (ACT) med Knut Reiersrud og In The Country

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vital-prisen til Solveig Slettahjell». ballade.no. 15. august 2005. Arkivert frå originalen 11. august 2007. Henta 12. mai 2011. 
  2. Sande, Bård (10. desember 2020). «– Jeg er helt målløs». Adresseavisen: 40. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]