Sonja Åkesson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sonja Åkesson
Sonja Åkesson 1968.JPG
Fødd 19. april 1926
Buttle församling
Død

5. mai 1977 (51 år)
Halmstad

Yrke forfattar, lyrikar, skribent, kunstnar
Sonja Åkesson på Commons

Sonja Åkesson (fødd 19. april 1926 i ButtleGotland, død 5. mai 1977) var ein svensk forfattar, diktar og biletkunstnar.

Sonja Åkesson vert ofte skildra som ein nyenkel poet med dikt som kritiserte samfunnet og skildra kvardagen med eit avskala språkbruk. Ho vert nokre gonger kalla «folkhemspoeten». Det store gjennombrotet hennar kom i 1963 med diktsamlinga Husfrid der ho kritisk skreiv om samfunnet som forma den samtidige kvinna. Ho vart sett særs stor pris på av kvinnerørsla på denne tida og vart omfamna av ulike feministiske profilar og rørsler.

Hennar kanskje mest kjende dikt er truleg Äktenskapsfrågan frå gjennombrotsboka Husfrid som vert innleidd med setninga «vara vit mans slav». Andre populære dikt er Åkej og Ja tack.

Som biletkunstnar illustrerte ho mellom anna boka si Hjärtat hamrar, lungorna smälter (1972), og bileta hennar vart viste første gong på Hallands museums høstsalong i 1975.

Ho var gift med diktaren og kunstnaren Jarl Hammarberg. Sonja Åkesson døydde i 1977 av leverkreft.

Hennar «Slagdängor» vart i 1983 sunge inn på plate av Ulla Sjöblom. Ho skreiv òg tekstar platene Sånger om kvinnor og Tjejclown. På den førstnemnde plata finst dei kjende Den ensamma mamman i traversen med Ulla Sjöblom og Ska bli sjuksyster jag, tralala med Lottie Ejebrant.

Sonja Åkesson Sällskapet vart stifta på Gotland i 2000

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2006 - Vara Vit Mans Slav (samling, dikt i lag med Jenny Tunedal)
  • 1980 - Sonjas sånger
  • 1978 - En tid att avliva (samling prosa)
  • 1977 - Hästens öga (dikt)
  • 1976 - Ljuva sextiotal (dikt og noveller)
  • 1974 - Sagan om Siv (dikt)
  • 1973 - Dödens ungar (dikt)
  • 1972 - Hjärtat hamrar, lungorna smälter (prosadikt og teikningar)
  • 1970 - Mamman och pappan som gjorde arbetsbyte (barnebok)
  • 1969 - Slagdängor (viser med musikk av Gunnar Edander)
  • 1968 - Pris (dikt- og debattbok)
  • 1967 - Man får vara glad och tacka Gud (utvalde dikt)
  • 1966 - Jag bor i Sverige (blanding, med plate)
  • 1965 - Ute skiner solen (dikt)
  • 1963 - Husfrid (dikt)
  • 1962 - Efter balen (noveller)
  • 1961 - Leva livet (prosadikt)
  • 1960 - Skvallerspegel (forteljing)
  • 1959 - Glasveranda (dikt)
  • 1957 - Situationer (dikt)

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • 1960 - Sammanhang eller Diamonologsamtal (med handgripligheter) ang. Klickstänkares svårigheter mm eller För tummensskull eller Puss in i ... (Høyrespel, manus frå boka Jag bor i Sverige.)
  • 1962 - Efter balen
  • 1965 - Tretton quinnor (revy)
  • 1968 - Pris (revy)
  • 1968 - Hå! Vi är på väg (høyrespel skrive i lag med Jarl Hammarberg)
  • 1968 - Sång till livet (høyrespel skrive i lag med Jarl Hammarberg)
  • 1968-1970 - Livets ABC
  • 1969 - Kändis (høyrespel skrive i lag med Jarl Hammarberg)
  • 1969 - Bara nerverna eller Sjukvården har plats för er (TV-teater, aldri oppført. Skrive i lag med Siv Arb.)
  • 1970 - Kalaset (barnestykke skrive i lag med Jarl Hammarberg)
  • 1970 - Höst side story (Musikal skrive i lag med Bengt Martin. Musikk av Per-åke Sahlberg)
  • 1972 - Mamman och pappan som gjorde arbetsbyte
  • 1974 - Sagan om Siv - (Novellefilm vist på SVT 1974)
  • 1976 - Verklighetsflykt - i väntan på vadå? (musikal i samarbeid med Peter Ortman og Frans Sjöström)
  • 1976 - Jag väntar mig inget särskilt med posten (Radiostykke i samarbeid med Peter Ortman og Frans Sjöström)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bengt Martin: Sonja Åkesson. Rabén & Sjögren, 1984.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]