Hopp til innhald

Sophie Elise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sophie Elise

Fødd18. desember 1994 (31 år)
FødestadHarstad i Troms i Noreg
FødenamnSofie Steen Isachsen
AliasSophie Elise eller Sophie Elise Isachsen
OpphavNoreg
Aktiv2011-no
Sjangerpop
InstrumentVokal
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somSkribent, songar og låtskrivar
PrisarVixen Awards, Vixen Awards

Sofie Steen Isachsen (fødd 18. desember 1994 i Harstad), kjend som Sophie Elise eller Sophie Elise Isachsen, er ein norsk skribent, songar og låtskrivar.[1]

Sophie Elise vart fyrst kjend gjennom bloggen sophieelise.blogg.no, som i 2015 var ein av dei som vert mest lesen i Noreg.[2] Ho har òg delteke i alle dei fire sesongane av røyndomsserien BloggerneTV 2 Bliss, og ho enda på tredjeplass i dansetevlinga Mitt dansecrewTV 2 våren 2015.[2][3]

I 2014 gav Sophie Elise ut singelen «Lionheart».[4] I Noreg selde singelen til platina, og låg ei veke som nummer 12 på VG-lista.[5][6] Den andre singelen hennar, «Love Like That», vart gjeven ut i 2015.[5] «Love Like That» låg ei veke som nummer 27 på VG-lista.[7]

I 2016 gav Sophie Elise ut sjølvbiografien Forbilde.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 2014: Lionheart
  • 2015: Love Like That
  • 2017: All Your Friends
  • 2018: In My Head

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  1. «SÅ MYE TJENER DE NETTO». Nettavisen. 18. oktober 2013. Henta 29. mars 2015.
  2. 1 2 «5 kjappe med Sophie Elise». Gaffa. 27. mars 2015. Henta 29. mars 2015.
  3. «Sophie Elise ute av Mitt dansecrew». Side2. 20. februar 2015. Henta 29. mars 2015.
  4. «Låtanmeldelse: Sophie Elise - «Lionheart»». Verdens Gang. 26. mai 2014. Henta 29. mars 2015.
  5. 1 2 «28. mars 2015». TV 2. Henta 29. mars 2015.
  6. «Lionheart». Vg-lista. Henta 29. mars 2015.
  7. «Love Like That». VG-lista. Henta 9. desember 2015.