Sorte mand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sorte Mand , som opphavleg heitte SCIPIO, er eit norsk sigarmerke frå A/S Johannes N. With’s Tobaksfabrikker. Varemerket for sigaren er bilete av ei byste i svart marmor av den romerske hærføraren Scipio Africanus den eldre, og det var som SCIPIO sigarmerket vart meldt inn til varemerkeregisteret i mars 1915. Men namnet vart endra til SORTE MAND i august 1919 av di publikum spurte etter sigaren med den sorte (svarte) mannen, ettersom «den sorte mannen» pryda emballasjen for sigarane.

I 1922 tok J.L. Tiedemanns Tobaksfabrik over With’s Tobaksfabrikker.

Utval[endre | endre wikiteksten]

Corona Sorte Mand (half corona).

  • Blanda av tobakk frå Brasil og Sumatra, med noko Havana og Vorstenlanden.
  • Dekkbladet er Sumatra.
  • Maskinrulla og ferdig klipt (avkutta) i tuppen.

Corona Emperador (corona).

  • Blanda av tobakk frå Havana, Brasil og Java.
  • Dekkbladet er Sumatra.
  • Maskinrulla, men ikkje klipt i tuppen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]