Southend-on-Sea

Koordinatar: 51°32′N 0°42′E / 51.533°N 0.700°E / 51.533; 0.700
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Southend-on-Sea

Luftfoto av Southend-on-Sea
Luftfoto av Southend-on-Sea
Luftfoto av Southend-on-Sea
Plassering
Southend-on-Sea is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Essex
Distrikt Sameint styresmakt
Geografi
Flatevidd
 - By

41,76 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

164 563
  3 940,7 /km²
Koordinatar 51°32′N 0°42′E / 51.533°N 0.700°E / 51.533; 0.700
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.southend.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Southend-on-Sea

Southend-on-Sea er ein kystby og sameint styresmakt i Essex i England. Han ligg på nordsida av Themsen, omkring 65 km austom London, og grensar mot Rochford i nord og Castle Point i vest.

Namnet kjem av at byen opphavleg var den sørlege enden («south end») av landsbyen Prittlewell.

I viktoriansk tid vart staden, som hadde jernbanesamband med hovudstaden, populært som reisemål for londonarar. Turisme har sidan då vore den viktigaste næringa. Southend Piar er den lengste fornøyelsespiren i verda, 2185 meter lang.

I 1960-åra kom ei nedgangstid for britiske kystbyar, først og fremst på grunn av at mange tok billige charterturar framfor å feriere i heimlandet. Southend måtte finne nye inntektskjelder og det vart oppretta ei rekkje handelsbedrifter. Mykje av det viktorianske preget forsvann i denne tida. Byen har færre underhaldningstilbod enn andre engelske byar av same storleik, noko som truleg skuldast at ein stor del av den yrkesaktive folkesetnaden pendlar til London og difor oppsøkjer kulturelle attraksjonar der i staden.

HM's Revenue and Customs er ein av dei største arbeidsgjevarane i byen. University of Essex har eit kollegium i byen, South East Essex College.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]