Spanskrøret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Spanskrøret er linjeforeninga for lektorutdanning med mastergrad i realfag ved NTNU. Linjeforeninga har ansvaret for det sosiale samhaldet for studentane på studiet. Dette ivaretek foreninga ved å arrangere festar, turar og faglege arrangement og å gi ut linjeforeningsavisa Vitnemålet. Spanskrøret har også ansvaret for faddervekene som er dei nye realfagslektorstudentane sitt fyrste møte med Trondheim.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Spanskrøret vart stifta 24. september 2004 i rom 546 Sentralbygg II på Gløshaugen. Spanskrørets høge beskyttar var, er, og skal alltid vere, Kari Hag. På skipingsdagen vart det valt tre personar til å sitje i styret: rektor Yngvil Holt; inspektør Magne Søby; og kontorsjef Bård Olav Johannesen.

Hovedstyret[endre | endre wikiteksten]

Hovedstyret består frå 1. januar 2020 av:

  • Rektor: Morten Nygård
  • Inspektør: Ninni Maria Unneberg
  • Kontorsjef: Eirin Johansen Sørdal
  • Personalansvarleg: Emma Ludvigsen
  • Gymlærar: Svein Ove Haugum Fagerheim
  • Vaktmeister: Ole Hermann Bakka
  • Bibliotekar: Elida Kristine Engseth
  • Fagleiar: Emil Røberg
  • Kontaktlærar: Frida Tøgersen
  • IKT-ansvarleg: Kristine Larssen

Styret veljast på generalforsamlinga. Førre generalforsamling vart halde 13. november 2019, og sitjande styre (bortsett frå kontaktlærar) sit ut heile kalenderåret 2019.

Styret har tilgang til Spanskrørets kontor, i NV-gangen i realfagsbygget på Gløshaugen, nokon gongar kjent som bøttekottet.

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Spanskrøret står for mykje av den organiserte aktiviteten for LUR-studentane. Fleire arrangement går att kvart år:

  • Opptakstur
  • Immatrikuleringsball
  • Julebord
  • Åretur
  • Vårfest

Realfagskjellern[endre | endre wikiteksten]

Moholtkjellarane til linjeforeningane på Gløshaugen er kjente for å fremje sosial aktivitet blant studentane. Dei heldt ope kvar fredag i undervisningsåret, og er såleis ein fin sosial arena. Spanskrøret deler kjellar med tre andre linjeforeningar, Delta, Online og Volvox og Alkymisten. Linjeforeningane rullerer på å ha ansvar for aktiviteten på kjellaren kvar veke.

Faddervekene[endre | endre wikiteksten]

I styret sit ein faddersjef (Kontaktlærar) som har hovudansvaret for å planleggje og gjennomføre faddervekene på ein god måte. Med seg har faddersjefen ein fadderkomité. Vanlege aktivitetar i Spanskrøret sine fadderveker er:

  • Immatrikuleringsfest på Studentersamfundet i Trondhjem
  • Grilling og leik ved Realfagskjellern
  • Scavenger Hunt
  • Aktivitetsdag
  • Bar til bar
  • Hybel til hybel

Spanskrøret har fått mykje skryt for å arrangere alkoholfokusfrie aktivitetar i faddervekene. I 2013 vart faddervekene avslutta med eit populærvitskapleg foredrag med Jo Røislien, sponsa av Vektorprogrammet.

Lektorleikane[endre | endre wikiteksten]

I faddervekene 2013 vart Lektorleikane arrangert for fyrste gong. Dette var eit initiativ frå fadderkomiteen i Spanskrøret, som ynskte å gjere noko saman med lektorstudentane på Dragvoll, som studerer språk, samfunnsfag, historie, idrett og geografi. Desse høyrer til linjeforeninga Erudio. Spanskrøret og Erudio konkurrerte i fleire ulike greiner, som vart avslutta med ein storslagen finale. Denne vann Spanskrøret, og Lektorleikane-pokalen stod difor på Spanskrørets kontor. Spanskrøret har vunnet seks av sju Lektorleikar per 2019.

Vitnemålet[endre | endre wikiteksten]

Vitnemålet er avisa til Spanskrøret. I avisa finn ein både intervju, testar og andre artiklar. Vitnemålet blir gitt ut minst to gonger kvart semester, og på lanseringsdagane blir det servert kake og kaffi på (les: utanfor) kontoret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]