Hopp til innhald

Spegjelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spegjelen
LandNoreg
TypeAvis
Grunnlagd1911
Nedlagd1921
SpråkNynorsk

Spegjelen var eit målblad som kom ut i tidsrommet 1911-21 i Trondheim. Bladet kom i byrjinga ut ein gong i veka, før det seinare kom ut to gonger i veka, og i ein periode jamvel tre gonger i veka. Albert Joleik var bladstyrar fram til 1914, då broren Marius Joleik tok over i ein stutt bolk. Seinare tok Peter Benum over som bladstyrar, og endra namnet til Olsok i 1915.[1] Bladet gjekk endeleg inn i 1921.

  1. Grepstad, Ottar (22. oktober 2009). «Eit språk blir til: 1911». Allkunne. Arkivert frå originalen 20191208082820. Henta 13. desember 2009. «Avisa endrar namn til Olsok 1.4.1915»

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]