Spesialpedagogikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Spesialpedagogikk er eit fagområde som har fokus på menneske som fell utanfor dei normale rammene til pedagogikken. Det dreiar seg om tilnærming til lærevanskar av ulike slag, til dømes barn og vaksne med lese- og skrivevanskar (for eksempel dysleksi), matematikkvanskar, sosiale og emosjonelle vanskar, språk- og talevanskar, syns- og hørselsvanskar. Spesialpedagogikken rettar seg også mot menneske med ulike typar fysiske og psykiske funksjonshemmingar.

Som fagfelt er spesialpedagogikk samansett av fleire fag, blant anna medisin, psykologi, logopedi, sosiologi, idehistorie og pedagogikk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]