Spjelkavik vidaregåande skule
Spjelkavik vidaregåande skule | |||
Skuletype | vidaregåande skule | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 974577267 | ||
Region/fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Ålesund | ||
Rektor | Rune Heggdal | ||
Nettstad | https://spjelkavik.vgs.no/ | ||
Spjelkavik vidaregåande skule 62°27′39″N 6°22′24″E / 62.4609674°N 6.3733474°E |
Spjelkvik vidaregåande skule er ein vidaregåande skule i Ålesund kommune. Skulen ligg på Langhaugen i Spjelkavika. Skulen har utdanningsprogram for studiespesialisering og har eit breitt tilbod innan språk, samfunnsfag og økonomi, realfag og internasjonalisering.[1] Skulen legg stor vekt på å gje elevane undervising med god fagleg kompetanse.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Frå hausten 2012 vart skulen ein IB World School og med International Baccalaureate Diploma Programme.
I 2013 presenterte Aftenposten ein statistikk som sa at Spjelkavik VGS var grundigast i Ålesund vurderingsmessig.[2] I ordinær karakter samanlikna med eksamensresultat, som ein fasit, gjekk kvar tiande elev ned éin karakter ved eksamen. Ved Fagerlia VGS, til samanlikning, gjekk sju av ti ned éin karakter ved eksamen. Statistikken spegla grundig vurdering ved skulen.
Skulen kan òg skilta med gode resultat i Fysikkolympiaden, der tidlegare elevar har kvalifisert seg til å representera Noreg internasjonalt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Om skolen», spjelkavik.vgs.no, henta 2. november 2022
- ↑ «Se om skolen din er streng eller snill med karakterene». Aftenposten. Henta 29. april 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Spjelkavik videregående skole» frå Wikipedia på bokmål, den 27. desember 2017.